Hopp til innhold

Har samla 90 000 bøker på tre år

Bøker er den store interessa hans, og samlinga er blitt stor, men sjølv les han mindre enn kva han skulle ynskje.

Geir Hovind Frøysedal

Geir Hovind Frøysedal har samla inn 90 000 bøker på tre år, og han går under kallenamnet Bokmannen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Bokmannen

Liten butikk, men går ein inn er det mange bokskattar å finne.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det starta med stor leselyst, og han las 2000 bøker på eit år. Etter kvart vart det for mange bøker, og han starta Bokmannen for å få selt nokre bøker. No har det gått tre år, og bøkene har det blitt fleire av, og sjølv er han blitt eit ikon.

– Eigentleg var tanken at butikken skulle heite Bokmannen, men dei kallar jo meg Bokmannen, og eg har ikkje noko i mot det, for eg blir som ein levande maskot for butikken, seier Geir Hovind Frøysedal.

I den vesle bokhandelen i Volda brukar han mesteparten av fritida si, han har ope kvar dag for alle som vil kikke, kjøpe, eller berre ta ein prat. Sjølv får han får aldri nok av bøker.

– Eg vil eigentleg berre ha meir, det er galskap, og det blir kanskje ekstremt, seier Bokmannen.

89 540 bøker

Bokmannen

Det er trongt om plassen i butikken, men med eigne hyllesystem vert plassen nytta godt.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Geir Hovind Frøysedal samlar på bøker, og etter at han starta Bokmannen har det blitt ei stor samling. Kvar dag kjem det folk innom med kassar fylt av bøker dei ikkje lenger vil ha. Dei vert sortert, vurdert, og plassert av Frøysedal, og samlinga er blitt stor.

– No er det 89 540 bøker inne, seier Bokmannen, og fortel at han har hatt oppteljing.

Samlinga i butikken er til for alle som vil, og dersom ein tar turen inn, så får ein bøkene til ein billig pris. Dei aller finaste eksemplara står likevel heime hjå Frøysedal.

– I leilegheita har eg kanskje to-tre tusen bøker, for eg samlar jo litt sjølv òg, seier han og legg til at det er ein del av hobbyen med å drive butikken.

– Bøker til folket!

Geir Hovind Frøysedal

Systemet gjer at Frøysedal har god kontroll på kva han har i butikken.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Med open butikk kvar dag, og låge prisar, går butikken rundt av seg sjølv. Geir Hovind Frøysedal studerer samfunnsvitskap, og jobbar i tillegg på ein institusjon for psykisk utviklingshemma. Bokmannen vert difor ein hobby, meir enn ein jobb.

– Bøker til folket, det er kanskje eit livsmotto for meg, seier Bokmannen.

I butikken er bøkene sortert i blant anna fagbøker, skjønnlitteratur, lyrikk, skodespel, eventyr, 1. opplag, og engelske bøker. Bøkene er pakka så kompakt det går, med bokhyller som heng ned frå taket, nokre bøker stabla på golvet, andre under bordet.

– Eg veit til ein viss grad kvar alle bøkene er, men ein del er pakka ned fordi eg ikkje har plass til alt, seier han og legg til at han som regel finn kjapt fram til rett bok dersom nokon spør.

I tillegg er det kassettar, CD-ar og filmar i butikken, og nede i kjellaren er det fem tusen vinylplater.

Artikkelen held fram under biletet.

Vinyl

I kjellaren finst det over fem tusen vinylplater.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Kaffi og sjakk

Geir Hovind Frøysedal

Eit parti sjakk vert ofte prioritert for Geir Hovind Frøysedal.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det første Bokmannen gjer når han kjem til antikvariatet sitt er å sette på kaffitraktaren. Etterpå ser han gjennom bøker som han har fått inn, vurderer dei, og set dei på rett plass. I løpet av dagen blir det ofte eit parti sjakk eller fem.

– I gjennomsnitt blir det to parti om dagen, men det hender at det kjem folk innom som vil spele mot kvarandre slik at eg ser på, seier Frøysedal.

Bokmannen brukar mykje tid på dei som kjem innom, og det er alltid kaffi å få. Jobben vert sett litt til side, og lesing er det heller ikkje så mykje tid til.

– Eg er i bokhandelen og jobbar så mykje med det at det er vanskeleg å sette seg ned med ei bok når eg kjem heim, og så har eg pensum å lese, og det går ikkje like kjapt, seier han.

Ein draum å jobbe med bøker

Bokmannen

Frøysedal får butikken til å gå rundt, trass lave prisar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Geir Hovind Frøysedal som har rundt tre tusen bøker bak seg meiner han les lite no, og då er det snakk om to bøker i månaden. Likevel er han viss på at han har draumejobben på det vel hundre kvadratmeter store antikvariatet sitt.

– Det er jo bøker, og eg byggjer hyllene og systemet sjølv, seier han.

– Alt er mitt, og det er artig å kunne leve av det, til ei viss grad, legg han til.

Dersom han skulle kunne velje, så er han heilt klar på kva som ville vere draumejobben.

– Eg drøymer om å bli bibliotekar, fordi det verkar så greitt, det skal vera stille på arbeidsplassen og det er bøker over alt, og så er det på ein måte eit serviceyrke der ein skal hjelpe folk å finne bøker, seier Bokmannen entusiastisk.

Elskar bøker

Geir Hovind Frøysedal

Geir Hovind Frøysedal får ikkje nok av bøker.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Bokmannen likar ikkje å anbefale kva andre skal lese, men sjølv er han stor fan av lyrikk og samtidslitteratur, og seier sjølv at han ofte les bøker som handlar om ein middelaldrande, bedrøveleg mann.

– Eg les mykje Dag Solstad og ein del lyrikk, og når det gjeld lyrikk kan du nesten sjå for deg at forfattaren er ein bedrøveleg mann som sit og skriv, seier han og trekk fram Tor Ulven og Stig Sæterbakken som døme.

Bokmannen trur han har ein mental alder som ikkje stemmer overeins med dei 26 åra han har levd.

– Når eg har møtt andre som driv slike antikvariat, så er dei som regel pensjonistar, seier han.

– Eg har aldri møtt nokon som er jamgamle med meg og som driv med noko slikt som eg gjer, seier han og legg til at han kanskje er på alder med ein pensjonist slik mentalt.

Men, at han elskar bøker er heilt sikkert, og det er ikkje utan grunn.

– Du kan leve deg inn i ei heilt anna verd, det er eit verk som nokon har laga, det er ein idé, seier han.