Hopp til innhold

Vil ha turistsamarbeid med Nordfjord

Alt frå tidleg neste år kan det vere klart for eit felles reisemålsselskap for Nordfjord og Sunnmøre. Reiselivssjef Geir Steinar Vik meiner dette vil styrke heile regionen.

Cruiseskip i Geiranger

No skal Geiranger og andre destinasjonar jobbe saman for å trekke turistar til Vestlandet.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Vakre fjordar og høge fjell lokkar turistar frå heile verda til Vestlandet, men ikkje ein gong Geirangerfjorden sel seg sjølv. Dei mange reisemålselskapa har i årevis jobba aktivt for å lokke turistar til Noreg. No vil altså fleire av dei slå seg saman for å stå sterkare i konkurransen.

Vil ha felles satsing

Geir Steinar Vik

Reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Geir Steinar Vik, gler seg til samarbeidet.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det er reisemålsselskapa i Nordfjord og på Sunnmøre som no vil dra lasset i lag. Reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Geir Steinar Vik, meiner ei slik samanslåing vil gi betre slagkraft og kompentanse.

–Vi gjer dette fordi vi ønskjer å styrke reiselivet over tid og vere i forkant av ei utvikling. Og vi trur dette er rett for å kunne utvikle reiselivet godt også i åra framover, seier Vik til NRK.

Frå tre til ein

I dag er det tre selskap i dette området som kvar for seg jobbar for å marknadsføre sine reisemål. Går alt etter planen blir Destinasjon Stryn og Nordfjord, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Destinasjon Geirangerfjord/Trollstigen til eitt. I så fall vil dei femne om 23 kommunar og 430 reislivsbedrifter. Vik trur dette er ein fordel.

- Det er ein tøff marknad både nasjonalt og internasjonalt. I denne regionen har vi nokre av dei fremste reisemåla her i landet. Og kan vi koordinere dette på ein betre måte vil det gagne reiselivet på sikt, seier Vik.

På plass tidleg neste år

Så langt kan Vik ikkje seie noko konkret om dette vil ha noko å seie for talet på tilsette. Heller ikkje endeleg plassering av avdelingskontor er klart, sjølv om han understreker at det framleis vil vere viktig å ha nær kontakt med dei enkelte reisemåla. Men mykje er likvel på plass.

- Vi har ikkje endeleg dato, men i starten av 2015 trur vi at vi har kome veldig langt, seier Vik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL