Hopp til innhold

Samanstøyt mellom bil og sykkel

Alle naudetatane rykka sundag ettermiddag ut til Spjelkavika etter at det har vore eit trafikkuhell. Ein syklist er lettare skadd.

Trafikkulykke Spjelkavika

TRAFIKKUHELL: Det har vore eit samanstøyt mellom ein bil og ein sykkel i Spjelkavik.

Foto: 03030-tipsar

– Det har vore eit samanstøyt mellom bil og ein sykkel i Spjelkavika. Ambulanse er på staden, og politiet er på veg, sa operasjonsleiar Tor André Gram Franck i Sunnmøre politidistrikt til NRK klokka 15.35.

Lettare skadd

Politiet fekk melding om trafikkulykka klokka 15.30, og var på staden klokka 15.40. Trafikkulykka skjedde i Myrabakken i Ålesund.

– Førar av motorvogna kom frå Spjelkavik sentrum og skulle krysse vegbanen. Syklisten kom frå Myrabakken og skulle rett fram, og syklisten kom då inn i sida på motorvogna, seier Franck.

– Syklisten er lettare skadd, og er sendt til Ålesund sjukehus for sjekk, seier Franck.

Det er oppretta sak, og politiet etterforskar hendinga.

Laster Twitter-innhold