Hopp til innhold

Ryggetvang på Ullensvang

I ettermiddag gjekk det bakover på elles framgangsrike Søre Sunnmøre. På Hareid måtte bilane køyre baklengs inn på bilferja Ullensvang.

I dag måtte bilane rygge om bord i Ullensvang

Frå før er det redusert kapasitet på ferjestrekninga Hareid-Sulesund, då A-ferja er på årleg verkstadopphald. I dag, klokka 13.32 sende ferjeselskapet Norled ut melding om redusert kapasitet på også på B-ruta, på grunn av tekniske problem.

Ikkje lenge etter byrja trafikantane å sende inn bilete og mobilvideo frå situasjonen på ferjekaia på Hareid.

Litt seinare på ettermiddagen kunne Norled opplyse at ferja var reparert. Likevel var det store forseinkingar i ruta.

Det var hydraulikken på ein av baugportane som svikta. Og det stemmer nok at det er framleis er forseinkingar i sambandet, seier Inge Andre Utåker i Norled til NRK.

Både ferjeselskapet Nordled, og samferdslestyresmaktene, har vore kritiserte fordi dei har sett inn ei gamal og lite eigna ferje på strekninga. Kritikken har handla om alder, om dekkøysinga og det har vore hevda at maskineriet blir pressa for at ferja skal klare å halde ruta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL