Onsdag presenterer Vanylven Utvikling nye planar for å få bygt bru over Rovdefjorden som ei nedrykka røyrbru. Prosjektleiar Svein Gjelseth i Vanylven Utvikling er entusiastisk over prosjektet.
– Rovdefjordbrua vil kople bu- og arbeidsmarknadsregionar og sikre eit transportsystem som gir god mobilitet for befolkninga og næringslivet, seier han.
– Brua vil også verte essensiell for å få folk frå Vanylven og ytre Nordfjord raskt til fødestove ved sjukehus i Volda, legg han til.
Med seg har Vanylven Vekst offshoreselskapet Reinertsen, arkitektselskapet Snøhetta, forskingsinstitusjonen SINTEF og det rådgjevande ingeniørfirmaet Dr. Techn. Olav Olsen. Samarbeidspartnarane er no i gong med forprosjektet som skal ta i gang offshoreteknologi.
– Ein godt eigna trasé
Ifølgje direktør Kolbjørn Høyland i Dr. Techn. Olav Olsen skal Rovdefjorden skal vere ein godt eigna trasé for pionerarbeidet. Han seier prosjektet har eit større sannsyn for å bli realisert fordi strekninga er kortare enn andre som har blitt vurdert tidlegare.
– Nedrykka røyrbru har blitt greia ut for fleire lengre kryssingar i verda. Likevel har det enno ikkje blitt bygd ein flytande røyrtunnel utan kontakt med sjøbotnen. Utan å ta resultata frå forprosjektet på førehand, trur vi teknologien no er moden med Rovdefjordbrua.
Forprosjektet skal innehalde ei teknisk prosjektering, kostnadsoverslag og ei visualisering av korleis den endelege løysinga kan bli sjåande ut. Per i dag er prosjektet oversendt til dei råka kommunane, og vil bli lagt ut på offentleg høyring i månadsskiftet mai/juni.
- Les også:
- Les også:
Håper på å kutte køen
Det store fokuset langs norskekysten er bygginga av den ferjefrie E39. Lokalt i Møre og Romsdal vil etter alt å døme Nordøyvegen krevje svært mykje av dei økonomiske rammene for vegbygging i fylkeskommunal regi. Likevel meiner Svein Gjelseth at det er plass til eit prosjekt som brua over Rovdefjorden.
–I slike samanhengar gjeld det å finne den rette traseen, og det meiner eg vi har gjort. Då trur eg også at det er mogleg å forsere prioriteringskøen, avsluttar han.