Hopp til innhold

Romsdalsmann dømd til fengsel i over 3 år for valdtektsforsøk

Ein romsdalsmann i 30-åra er dømd til fengsel i tre år og ein månad for valdtektsforsøk på sambuaren sin. Mannen blei frifunnen i tingretten, men blei ikkje trudd i lagmannsretten.

Frostating lagmannsrett
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Det var statsadvokatane i Møre og Romsdal som anka, då romsdalsmannen først blei frifunnen i tingretten i vår. Der kom fleirtalet til at det ikkje var bevist at mannen forsøkte å valdta sambuaren sin.

Lagmannsretten er altså usamd i den konklusjonen, og meiner det er bevist utover rimeleg tvil at mannen forsøkte å valdta henne.

Festa ikkje lit til kvinna i retten

Dei to har no flytta saman igjen, og fagdommarane har ikkje festa lit til forklaringa som ho gav i retten. Der forklarte ho at han berre ville skremme henne, og at han hadde kome til å valdta henne, dersom han ville det.

Men fagdommarane støttar seg meir til forklaringa ho gav politiet like etter valdtektsforsøket.

Var sjalu etter samlivsbrot

Valdtektsforsøket skjedde hausten for to år sidan, etter at ho var komen heim frå fest. Forholdet var på den tida slutt, og ifølgje dommen var mannen sjalu. Han sette seg over henne, drog av henne kleda og forsøkte å valdta henne.

Ein nabo fekk med seg bråket, i det kvinna ringde på døra og forsøkte å kome seg inn. Ho hadde då minimalt med kle på seg, og mannen stod naken bak henne, og forsøkte å få henne bort frå naboen.

Vel inne hos naboen forklarte kvinna at ho var forsøkt valdteken, og at sambuaren hadde skubba, slått og bite henne.

Lang etterforskingstid

Lagmannsretten har redusert straffa noko i forhold til påstanden frå aktor, fordi etterforskinga har vore mangelfull og tatt lang tid.

Retten har også vurdert det slik at ei fengselsstraff blir ekstra tung for begge partar, fordi dei begge er utanlandske og har få norske vener.

Åtte månader av fengselsstraffa er difor på vilkår.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL