Hopp til innhold

Reiser ned igjen

Iselin Eliassen Aske busett i Ulsteinvik har ikkje før kome heim etter ei veke på Lesvos i Hellas som frivilleg midt opp i flyktningestraumen, før ho har bestemt seg for å reise sørover igjen, og det skjer snart.

Inntrykka har vore mange og sterke i løpet av veka ho var på den greske øya og hjelpte til med flyktningar som kom over frå Tyrkia i overfylte gummibåtar. Behova er store, og på førehand hadde ho saman med veninner samla inn utstyr og pengar som ho hadde med seg.

Seint tysdag kveld denne veka kom ho heim igjen til Ulsteinvik der ho bur saman med mann og tre barn. Ho har alt fått grønt lys frå heimen til å ta ein ny tur og bruke meir av oppspart ferie.

Iselin Eliassen Aske tilbake frå Lesvos

Nytte av erfaring

På den neste turen reknar ho med at ho kan vere endå meir til nytte når ho har erfaringa frå den første turen med seg. På spørsmål om det vert ei ny runde med innsamling av pengar og utstyr svarar ho at det kan ho ikkje be om, men om nokon vil bidra vil det kome til nytte.

Berre skuleklassa til sonen hennar, Oliver (10), hadde samla inn 12 000 kroner på ei veke som ho kunne ta med seg for å hjelpe båtflyktningane. Klassa ved Ulsteinvik barneskule engasjerte seg stort før ho reiste.

På Lesvos var det jobbing frå tidleg morgon til sein kveld. Det var meir enn nok å ta fatt i, og utan alle dei frivillege hadde ikkje systemet fungert, meiner Iselin, som til dagleg er leiar for mottaket for mindreårige flyktningar på Hareid.

Engasjementet hennar er ikkje knyta opp mot arbeidsplassen hennar, men det at ho har den jobben ho har er nok ei viktig årsak til at ho har reist sørover og vil reise på nytt.

Behovet for hjelp er enormt, og snart vert det kaldare og behov for endå meir klede og anna utstyr.

Iselin Eliassen Aske

Iselin fortel om ein konkret episode