Hopp til innhold

Reiseliv og landbruk saman mot gjengroing

Gjengroing av kulturlandskapet uroar, og krev eit samspel mellom reiseliv og landbruk. Det er konklusjonen frå eit debattmøte der dette var tema.

Spaavdelinga på Juvet
Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Og også reiselivet er avhengig av å ha noko attraktivt å vise fram. Heller ikkje for Knut Slinning, som driv det spektakulære Juvet landskapshotell i Valldal, er det alltid den urørte naturen som er det beste å vise turistane.

– Det er ikkje den urørte naturen som er spesiell for Noreg. Den kan til tider vere litt kjedeleg. Det spesielle er at her bor folk nesten over alt. Velpleide gardar, levande landskap med dyr, nærast ein nasjonalpark som det bur folk i - det er spesielt, seier Slinning.

Han seier dette er noko hans turistar er nysgjerrige på og set pris på. For å ta vare på dette må det eit samspel til mellom landbruk og reiseliv.

Knut Slinning

– Det spesielle er at vi nærast har ein nasjonalpark som det bur folk i, seier Knut Slinning.

Foto: Jannicke Susann Farstad / nrk

– Begge brukar vi naturen

– Vi brukar dei same ressursane. Begge brukar vi naturen, og det er ikkje stor forskjell mellom dei som tar seg av dyr og oss som tar oss av folk. Felles er at vi driv ein verdiskapingsbransje som er basert på naturen.

Fylkesleiaren i Bondelaget, Oddvar Mikkelsen, har same bodskapen som representanten frå reiselivet.

– Mange av turistane kjem hit for å sjå kulturlandskapet. Det spesielle samanlikna med andre stader i verda er at berre i Noreg har vi kombinasjonen fjordar, vill natur og landbruk.

Bondelagsleiaren meiner dette er ein del av landbrukspolitikken. Han meiner at å skape busetting, sysselsetting og verdiskaping over heile landet er med på å oppretthalde kulturlandskapet.

– Tendensen gjennom heile jordbruksmeldinga gjer det vanskeleg å halde oppe ein slik småskalaproduksjon som vi har langs fjordane våre. Eg er likevel opptimist, og trur Stortinget tar hand om dette. Signala så langt tyder på det.

Frå debattmøtet i Stranda

Etter debattmøtet i Stranda kulturhus er bondelagsleiar Oddvar Mikkelsen (t.h) trass alt optimist.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK