Hopp til innhold

Ville ikkje vore redd for å bu langs fjorden etter filminnspelinga av "Bølgen"

Skodespelar Ane Dahl Torp nøler ikkje ved tanken på å kunne bu langs Storfjorden. No kjem katastrofefilmen "Bølgen" der innbyggjarane får ti minutt på seg til å røme.

Ane Dahl Torp

Skodespelar Ane Dahl Torp trur ikkje sjansen er stor for å bli råka av bølgjene etter eit ras frå Åkneset. Men ho seier det likevel blir ein katastrofe.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

HAUGESUND: Det er slettes ikkje alle som klarer å kome seg unna i tide, i katastrofefilmen "Bølgen". Søndag morgon blei han vist for journalistar, søndag kveld får mellom andre Kronprinsen sjå monsterbølga som utraderer store deler av Geiranger.

Ane Dahl Torp er ein av hovudrolleinnehavarane, og ville ikkje nølt med å bu langs fjorden.

Nei, absolutt ikkje.Det er mykje større sjanse for å bli køyrt på at bussen enn at eg skulle bli råka av Åkneset, dersom eg bur eller er i området, seier Dahl Torp.

Hadde ikkje høyrt om Åkneset

Men regissør Roar Uthaug er ein av dei som aldri hadde høyrt om den venta katastrofen før han lagde filmen.

- Nei, eg hadde ikkje høyrt om dette, så eg har lært veldig mykje gjennom denne prosessen både om Åkneset og fjellskredfare i heile landet. Dette er noko veldig mange lever med kvar dag, seier Uthaug.

Håper publikum skal bli redde

Frå venstre Jonas Hoff Oftebro, Ane Dahl Torp, Edith Haagenrud og Kristoffer Joner

Hovudrolleinnhavarane Jonas Hoff Oftebro (f.v.), Ane Dahl Torp, Edith Haggenrud og Kristoffer Joner under pressekonferansen i Haugesund søndag.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Hovudrolleinnehavar Kristoffer Joner, som spelar geologen som har ansvaret for overvakinga av Åkneset, har førebels ikkje sett heile filmen. Det skjer først søndag kveld. Men han trur det blir bra.

- Vi håper jo at folk skal bli redde, ein må jo føle noko, elles er det ikkje vits å lage film. Men om folk skal vere redde for å bu der, er ei anna sak, seier Joner, og seier han personleg ikkje hadde hatt problemer med det.

Ikkje overraska over kritikken

Men det har ikkje mangla på skeptikarar som meiner den første norske katastrofefilmen er spekulativ og unødvendig. Både politikarar, innbyggjarar og næringslivet i området har bedt om at filmen aldri blei laga. Skodespelaren er ikkje overraska over dette.

- Folk bør stille spørsmål og vere kritiske, det er eg med på, men dette er ein eventyrfilm. Det er eit eventyr, det handlar om "kva skjer" dersom fjellet rasar, seier Joner.

Les også:

Håper å inspirere andere

Filminnspilling Geiranger

Skodespelarane Ane Dahl Torp og Kristoffer Joner frå filmopptaka i Geiranger i fjor vår.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Regissøren Roar Uthaug seier filmen baserer seg på mange fakta, men likevel er fiksjon.

- Dei som arbeider med rassikring reknar jo med at dei har evakuert folk i mange veker før raset går, men det ville jo blitt ein litt kjedeleg film, då, dersom alle var ute av fjorden i lang tid før bølgja kom, seier Uthaug.

- Men burde ikkje de heller brukt kreftene på å lage ein sakleg informasjonsfilm?

- Det er forskjell på filmfolk, og vi lagar fiksjonsfilm. Men det er jo veldig bra dersom vi klarer å inspirere andre til å belyse dette i ein dokumentar, seier Uthaug.

Seksjonssjef i NVE, Lars Harald Blikra, kommenterer den kommende storfilmen Bølgen. I virkeligheten er det nemlig Blikra som har ansvaret for fjellet som kommer til å rase og deretter skape en flodbølge.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no