Hopp til innhold

Rederiforbundet: Trur at 100 skip flaggar heim etter nye reglar

Regjeringa endrar no reglane slik at fleire norske skip får ta oppdrag på norsk sokkel. Målet er å hjelpe ei næring i krise.

Solstad Offshore

Solstad Offshore gjekk med milliardunderskot i fjor.

Foto: Solstad Offshore

Langs kysten ligg over hundre offshoreskip i opplag. Det er stor konkurranse om oppdraga og medan båtane ligg stille, taper eigarane pengar. Dei låge oljeprisane rammar hardt. No set politikarane inn tiltak for å hjelpe ei maritim næring i krise.

I mange år har norske skip flagga ut for å få bruke billegare utanlandsk arbeidskraft. Til gjengjeld har dei ikkje fått operere på norsk sokkel.

No gjer ei lovendring at skipa som flaggar heim får gjere begge deler. Reiarlaga får refundert hundretusenar i skatt for kvar norske sjømann om bord.

– For det første styrkar vi dei økonomiske rammevilkåra for maritim næring slik at dei blir meir konkurransedyktige. For det andre endrar vi reglane for kvar fartøy kan operere, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Trur opp til 100 kjem heim

Lars Peder Solstad

Lars Peder Solstad i Norges Rederiforbund håper at mellom 75 og 100 skip flaggar heim.

Foto: NRK

Norsk Rederiforbund trur endringane gjer at mange vel å flagge heim skipa sine.

– Det er tøffe tider i næringa og dette er eit godt tiltak frå regjeringa si side for å hjelpe oss på ein god måte, seier Lars Peder Solstad, som er president i Norges Rederiforbund.

Solstad offshore gjekk med milliardunderskot i fjor og no ligg 12 arbeidslause skip til kai i Avaldsnes i Rogaland.

Solstad trur at så mange som 75–100 skip vil segle under norsk flagg innan kort tid. Det vil bety nye arbeidsplassar utan at nokon seie nøyaktig kor mange.

Monica Mæland og Siv Jensen

Nærimgsminister Monica Mæland (H) og finansminister Siv Jensen (Frp) vil gjere den maritime næringa meir konkurransedyktig.

Foto: NRK

Kostar mykje

Men det vil koste nærare to milliardar kroner årleg frå statskassa. Finansminister Siv Jensen (Frp) meiner det er ei viktig næring å satse på.

– Dette er ei viktig næring for Noreg. Den sysselset mange menneske og gir store bidrag til statskassa og den norske økonomien. Vi har lange, stolte tradisjonar på sjøen og dei skal vi ta vare på. Vi er ein kystnasjon, seier Jensen.

Stig Remøy

Stig Remøy i Olympic Shipping i Herøy trur at nye reglar på sikt vil føre til fleire norske arbeidsplassar.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Styrkar den norske flåten

Reiar Stig Remøy i Olympic Shipping i Herøy er ikkje i tvil om at dei nye reglane er positive. Olympic har 23 offshoreskip, der fire ligg i opplag.

– Dette vil styrke den norske flåten og kompetansen. Å få eit større antal norske skip inn i norske register, vil føre til fleire norske arbeidsplassar på sikt. Det er mi klare oppfatning, seier Remøy.