Festivalsjefen og Bare Egil legg planar for helga. - Festivalsjefen og Bare Egil legg planar for helga. - Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Festivalsjefen og Bare Egil legg planar for helga.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Rocka i Rauma

Raumarock 2010 er i gang.

Festivalsjef Frode Nakken tek imot Bare Egil. - Festivalsjef Frode Nakken tek i mot Bare Egil. - Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Festivalsjef Frode Nakken tek i mot Bare Egil.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK
Alt er klart for festivalhelg på Åndalsnes. - Alt er klart for festivalhelg på Åndalsnes. - Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Alt er klart for festivalhelg på Åndalsnes.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK
To karar som vil sikre seg billettar i god tid. - To karar som vil sikre seg billettar i god tid. - Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

To karar som vil sikre seg billettar i god tid.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK
The Pink Robots - The Pink Robots på scenen under Raumarock fredag. - Foto: Anne-Bente Skjellum / NRK

The Pink Robots på scenen under Raumarock fredag.

Foto: Anne-Bente Skjellum / NRK

Festivalsjef Frode Nakken har full kontroll på det som skal skje på Åndalsnes denne helga.

– Festivalpulsen er akkurat der han skal vere, seier han til NRK.

Enklare booking

Raumarock har i år fått tak i artistar som Gåte, Åge og Sambandet, John Olav Nilsen & Gjengen, Datarock og Bare Egil. Festivalsjefen seier bookinga går bedre for kvart år.

– Det blir lettare og lettare. Første åra måtte vi ringe verda rundt og mase og mase. Dei siste åra er vi blitt lagt merke til. Artistar tek kontakt med oss, seier festivalsjefen til NRK.

Raumarock vart første gang arrangert i 2002.

Overrasking

Også i år blir det ei overrasking på Raumarock. I fjor var det Kaizers Orchestra som overraska publikum med å dukke opp på scenen.

– Det var ein suksess i å hemmeleghalde ein «headliner», så vi prøver i år igjen, seier Frode Nakken.

– Folk veit at det blir eit stort band, det er alt dei veit. Så får vi den snakkisen, interessen og gjettinga gjennom sommaren.

– Og kven er overraskinga i år?

Ja, det er....nei det får de vite i morgon kveld, smiler Nakken.

Siste video/lyd

Det har vært en dramatisk økning i talet på gjenstående biler i sambandet Hareid - Sulesund så langt i år.
Fellesskap og trvisel er stikkord for ungdommen sine ønskjer for Ålesund i framtida. No ber kommunen skuleelevar om hjelp til utformina av den nye bydelen Sørsida.
Om tre dagar er det klart for storstilt fest med Kringkastingsorkesteret når det nye kulturhuset i Fosnavåg i Herøy.
Om tre dagar blir det storstilt fest i Herøy, når det nye konserthuset i Fosnavåg skal opnast med besøk av Kringkastingsorkesteret. I dag starta arbeidet med å rigge lyd og lys.