Hopp til innhold

– Vi er alle sterkt prega av dødsfallet

Åndalsnes og Rauma kommune er sterkt prega etter at ein 21 år gammal mann blei funnen død i natt.

Dødsfall på Åndalsnes

Dei som bur på Åndalsnes er sterkt prega av dødsfallet.

Foto: Remi Sagen / NRK

I dag har mange unge vore ved staden og lagt ned blomar. Dei er sterkt prega, og mange gret, men dei færraste ønskjer å uttale seg til media.

Dødsfall på Åndalsnes

Mange var på staden i natt og i dag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Men mange omtalar den døde som snill og ein mange var glade i.

Opna kulturhuset

Også kommuneleiinga fekk raskt informasjon om kva som hadde hendt, og omsorgsgruppa blei samla. Dei som er ramma har fått tilbod om krisehjelp.

Kulturhuset på Åndalsnes

Kulturhuset blir ope så lenge det er behov for det.

Foto: Remi Sagen / NRK

I tillegg har kommunen opna Kulturhuset, slik at dei som ønskjer å vere saman har eit tilbod der.

Gudstenestene i Rauma gjekk som normalt i føremiddag, medan andre kulturarrangement i dag kan bli utsette eller avlyste.

– Vi er alle sterkt prega av det som har skjedd, seier ordførar Lars Olav Hustad.

Han ønskjer å fokusere på kva dei kan gjere for dei som er hardast ramma, og for innbyggjarane elles.

– Sjølve hendinga er ei politisak, seier Hustad.

– Prøvar å hjelpe

Lars Olav Hustad

Ordførar Lars Olav Hustad seier samfunnet er prega av hendinga.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ordføraren reknar med at folk kjem til å gå litt ut og inn på Kulturhuset. Der får folk berre sitte stille, snakke saman, eller kan ta kontakt med Røde Kors, prest eller andre omsorgsfolk. Hustad seier det blir halde ope så lenge det er behov. Også i dagane som kjem er krisegruppa merksame på både dei som sjølve ber om hjelp, og også prøve å kartlegge andre som har fått traume utan å ha tatt kontakt.

Sikta for kroppskrenking

Dødsfall på Åndalsnes

Den døde blei funnen ved Samfunnshuset, men der var arrangementet slutt i 02-tida.

Foto: Remi Sagen / NRK

21-åringen blei funnen død ved Samfunnshuset, men der var eit lukka arrangement slutt ved 02-tida. Også andre arrangement på Åndalsnes var slutt på den tida politiet fekk melding om hendinga. Truleg var 21-åringen på veg heim då det blei ein konfrontasjon mellom han og ein 23-åring. Kva denne konfrontasjonen skuldast, og korleis den arta seg, er noko av det politiet prøver å finne svara på.

23-åringen er sikta for grov kroppskrenking. I løpet av søndag kveld skal påtaleansvarleg vurdere om mannen skal varetektsfengslast.