Hopp til innhold

Rasande over kveldsstengt tunnel

Når Fannefjordtunnelen skal rehabiliterast, vert den kveldsstengt. Bygdefolket er sinte og meiner det vil sette dei fleire år tilbake i tid.

Mai Helen Follestad

Mai Helen Follestad starta facebookgruppe i sinne. Ho er ikkje overraska over at så mange andre reagerer på kveldsstenging av Fannefjordtunnelen.

Foto: privat

Fannefjordtunnelen

Fannefjordtunnelen vert stengt mellom klokka 18 og 06 i eit år medan rehabilitering pågår.

Foto: NRK

Det er omfattande arbeid som skal gjerast i Fannefjordtunnelen i Molde. Statens vegvesen har bestemt at tunnelen skal vere stengt mellom klokka 18 og 06 kvar dag medan arbeidet pågår. Slik vil det vere i eit heilt år. Det var Romsdals budstikke som først omtala saka.

Nyhenda har fått folk som er avhengige av tunnelen til å reagere. Mai Helen Follestad frå Bolsøya vart så provosert at ho starta ei facebookgruppe tysdag morgon. På berre få timar har gruppa 1400 medlemmar.

– Kveldsstenginga gjer at vi ikkje kjem oss til byen. Mange jobbar der og ungane er med på aktivitetar, seier Follestad.

LES OGSÅ:

Sett tilbake fleire år

Sjølv har ho ein fireåring som skulle starte på turn i Molde til hausten, men ho må berre melde han av. Å køyre rundt Osen, som tar ein time ekstra, er ikkje aktuelt. Då kjem fireåringen altfor seint heim om kvelden. Ho veit at mange er kritiske til at det vert auka trafikk på den smale bygdevegen og at foreldre kviar seg til at tenåringar på skutarar skal køyre her.

– Å halde tunnelen nattestengt hadde vore ei heilt anna sak. Det er vi vande med. Å stenge klokka 18 er veldig tidleg, seier Follestad.

Ho meiner tunnelstenginga vil sette bygdesamfunnet fleire år tilbake i tid. Då ho vaks opp, måtte ho ta ferje, men likevel kunne ho kome seg heim seinare enn no.

– Folk er rasande. Det spørs om vi må skrive eit brev, seier Follestad.

Må vere effektive

For Statens vegvesen er det pengar som ligg til grunn for stenginga.Dei skal vere mest mogleg effektive, og gjere arbeidet innanfor dei økonomiske rammene som er tildelt, og såg inga anna løysing. Det seier seksjonssjef Arthur Selliås i Statens vegvesen.

– Det er gjort nøye vurderingar på stenging og omkøyring. Dette var den beste løysinga vi fann. Men vi forstår sjølvsagt at folk er frustrerte, seier Selliås.

Skal ha møte

Statens vegvesen vil invitere til eit dialogmøte i juni. Der skal bygdefolket få kome med sine innspel.

Kan de gjere justeringar etter at de har fått innspel frå folket?

– Nei, det er begrensa høva til det. Men vi håper å oppnå betre forståing gjennom dialog, seier Selliås. Arbeidet startar i oktober.