Mange hadde møtt opp på kaia då eventyraren Ragnar Thorseth kom heim til Fosnavåg. Eventyraren sakna mest av alle kona Pen.
– Det er i grunn først i dag at eg er skikkeleg klar for tur-retur Nordsjøen. Hadde eg fått eit par dagar på meg, men det hadde vore vondt å reise frå Pen. Eg trur eg let vere, seier Thorseth. Turen gjekk ikkje akkurat slik han hadde planlagt.
Treig start
Ragnar Thorseth sjøsette båten i fjor, og då var eventyraren som kallar seg «skald og entreprenør i opplevingar», klar for å ro til Shetland.
Han starta i Fosnavåg den 10. juni i år, men måtte knele for vêret då bårene slo over færingen.
– Det var ein litt treig start. Eg rodde i stiv sørvest kuling, og eg fekk ikkje dra sørover som eg ville, seier Thorseth.
Sjøkrigaren som aldri blir for gamal for nye eventyr kunne ikkje gi seg.
Måtte bryte
Ragnar Thorseth møtte motgang igjen ein knapp månad etterpå, den 7. juli. Han måtte bryte etappen, og vart taua den siste delen inn til Out Skerries på Shetland.
– Eg fekk forferdelege smerter i nakke og venstre skulder, og måtte mot mi prinsipielle vilje ta slep på følgjebåten min «Hilding», seier han.
– Eg var lam. Eg låg rett ut på tiljea, og greidde nesten ikkje bevege meg. Det svake leddet i dette prosjektet var ikkje båten, det var eg, seier han.
Rodde attende
Han hadde bestemt seg for å gi opp, men endra meining. Den 14. juli trassa eventyraren smertene, og byrja å ro attende til Noreg.
– Eg såg vel litt mørkt på det, men nakken og skuldra vart betre, og eg fekk rodd litt i Lerwick. Eg bestemte meg for å prøve heimturen også, og det gjekk veldig bra, seier han og legg til at litt juks måtte til.
Båten vart slept opp forbi Baltasound, der eventyraren kom seg inn i ein god straum.
– Det heldt ein til ein og ein halv knop i timen, og me fekk vestavind. Då gjekk det veldig radig heimover, seier han.
Håpar folk møter opp
Båten måtte også slepast i eit par timar då Thorseth kom til nokre boreplattformer. Deretter segla, rodde, og dreiv Thorseth med straumen vidare. Han nådde Noreg, og på land i Florø venta over tjue personar med flagg og jubel.
I dag stod både kona Pen, sponsorar og bygdefolket klare på kaia i Fosnavågen.
– Det største er sjølvsagt å treffe mi kjære kone Pen, som eg har snakka med to gongar for dag sidan eg reiste, seier Thorseth.
Han anbefaler alle å dra på rotur. Ikkje nødvendigvis til Shetland og attende, men det er ei oppleving å ro. Det er godt for kropp og sjel, seier Ragnar Thorseth.
- ALT OM: Eventyraren Ragnar Thorseth
SJÅ OGSÅ: