Hopp til innhold

Rådmannen i Sykkylven går av

Sykkylven-rådmann Ole-Johan Lillestøl fråtrer stillinga si 31. august. Grunnen skal vere at delar av kommunestyret ynskjer at rådmannen går av.

Sykkylven kommune

Rådmann Ole-Johan Lillestøl fråtrer stillinga si 31. august 2014.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Kommunestyret godkjente i dag avtalen som gjer at rådmann Ole-Johan Lillestøl fråtrer si stilling frå 31. august. Ordførar Petter Lyshol har saman med juridisk bistand kome fram til ei ordning med rådmann Lillestøl.

– Eg kan ikkje kommentere sjølve avtalen, men eg kan iallfall bekrefte at det er kome fram til ei einigheit om rådmannen, og det er i grunnen det eg kan seie i dag, seier Petter Lyshol til NRK.

Rådmannen har ikkje arbeidsplikt fram til 31. august, og det er uklart om han kjem til å fortsette i stillinga fram til då.

– Det er ukjent om han vil fortsette i jobben, men han vil nok vere til stades ein del, men har står fritt til å vurdere det sjølv, seier Lyshol.

Fekk kritikk for pengeplasseringar

I 2010 var rådmannen ansvarleg for pengeplasseringar som førte til at Sykkylven kommune tapte over 30 millionar kroner. Rådmannen har tidlegare fått kraftig kritikk i eit notat frå kontrollutvalssekretariatet. 10. februar skulle kommunestyret habilitetsspørsmålet når det gjeld denne saka.

Vil dette seie at dykk reknar rådmannen som inhabil i pengeplasseringar som det har blitt skrive om tidlegare?

Nei, ingen kommentar til det, seier Lyshol.

Rådmann Ole-Johan Lillestøl ville ikkje kommentere saka.