Hopp til innhold

Rådmannen: – Det blir dyrare å bo i Ålesund

– Det blir dyrare å bo i Ålesund dei neste åra. Det seier rådmann Jarle Bjørn Hanken. Det ligg an til tøffe rundar om økonomien etter at rådmannen i Ålesund i ettermiddag presenterte sitt forslag til budsjett.

Jarle Bjørn Hanken

Rådmann Jarle Bjørn Hanken presenterer sitt forslag til budsjett i Ålesund tysdag ettermiddag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Rådmannen i Ålesund presenterer forslag til budsjett

Tilhøyrarane får presentert budjsettforslaget tysdag ettermiddag.

Foto: Arild Pettersen / NRK

For det var utan tvil ein hestekur Hanken presenterte i dag. Kommunen sin økonomi har blitt gradvis dårlegare og står no framfor ein stor snuoperasjon.

– Kredittkortet har blitt brukt ei stund utan dekning, no må det gjerast opp, for å seie det enkelt, sa rådmannen under budsjettframlegginga tysdag.

Rådmannen la han vekt på at innbyggjarane må sjå perioden som eit spleiselag der alle må bidra meir og at det blir betydeleg auke i "eigeninntekter", det vil seie auka eigedomsskatt, og auka avgifter og betalingssatsar i Ålesund det neste året. Det vil også bli kutt i tenestetilbod.

– Kor tøft blir dette?

– Dette blir krevjande, det er det ingen tvil om. Og situasjonen vil få konsekvensar for tilbod og kvalitet, seier Hanken. – Det er eit betydeleg underskot som skal dekkast inn dei nærmaste åra, og det kan vi ikkje forklare vekk.

Kuttforslaga:

  • Hessa barnehage blir lagt ned
  • Bibliotekfilialen på Moa blir lagt ned
  • Lågare grunnbemanning i barnehagane
  • Kutt på 11 millionar til skulane
  • Færre investeringar
  • Vassavgifta bllir auka med 15 prosent
  • Avløp blir auka med 10 prosent
  • Renovasjon blir auka med 12 prosent
  • Auka satsar for SFO
  • Auka betalingssatsar for barnehagar
  • Kutt i bemanning
  • Hatlehol kirke er sett på vent
  • Renovering av Kolvikbakken er sett på vent
  • Osane Idrettshall er sett på vent

På investeringssida er det likevel nokre ting som blir gjennomført:

  • Åse sjukeheim
  • Spjelkavik ungdomsskule
  • Rehabilitering av vestveggen ved Kolvikbakken ungdomsskole

Hanken seier han også har lagt inn auke på nokre punkt for at det skal vere realistisk:

  • Auka utgifter til sosialhjelp
  • Ny helsesøsterstilling
  • Meir til ressurskrevjande brukarar
  • Auke i talet på fosterheimsplassar

Geir Stenseth

Varaordførar Geir Stenseth frå Framstegspartiet.

Foto: Remi Sagen / NRK
Sindre Nakken

Sindre Nakken frå Arbeidarpartiet.

Foto: Trond Vestre / NRK
– No er det alvor

– Vi visste nok kva som ville komme, seier varaordførar Geir Stenseth frå Frp. – Men no er det alvor, det er det ingen tvil om.

Han seier dei neste fore åra blir tøffe, men at han håper dei auke utgiftene for innbyggjarane blir forbigåande.

–Vi er i ein veldig skvis no, men vi håper å kome i balanse, seier Stenseth.

Sindre Nakken frå Arbeidarpartiet følgde også framlegginga. Også han trur det blir tøft å kome i balanse.

– Det er mykje som skal takast inn. Det er vanskeleg å seie så mykje om dette før vi har sett nøyare på forslaga. Men det er klart at dette blir vanskeleg, seier Nakken.

Og tøft vil det bli. Beskjeden frå rådmannen til politikarane er klar:

- No må både politikarar og tilsette i kommunen vise budsjettdisiplin, heilt klart. Politikarane vil gjerne ha best mogleg tenester for innbyggjarane. Men vi kan ikkje strekke alle strikkane samtidig, seier Hanken.

Seier kommunen har strekt strikken

Hanken seier kommunen over tid har strekt strikken for langt når det gjeld forbruk, men at det er fleire faktorar som gjer at situasjonen har blitt som i dag. Den økonomiske situasjonen har utvikla seg over tid, men rådmannen seier den har blitt gradvis verre, seinast i haust.

– Vi har sett i haust at skatteinntektene har svikta og at det har kome signal om mindre utbytte frå Tafjord Kraft. Totalt vil det gi 77 millionar kroner mindre i inntekter, seier han.

Dermed vil det samle underskotet i Ålesund kommune kan nærme seg 180 millionar kroner i løpet av 2014. Hanken seier utgiftene har vakse raskare enn inntektene og at det meste av kommunen sine inntekter er knytt opp til pålagde oppgåver.

Kommune med dårleg råd


For det er liten tvil om at Ålesund kommune har dårleg råd - så dårleg råd at dei i sommar hamna på ROBEK-lista. Det inneber mellom anna at fylkesmannen må godkjenne nye låneopptak og også ha kontroll med budsjettet.

Det har difor vore knytt stor spenning til kvar rådmannen vil kutte. For ein månad sidan presenterte Hanken ei liste med forslag til moglege innsparingstiltak for formannskapet. Han gjorde det samstundes klart at prosessen vill bli svært krevjande, men at politikarane måtte ta den økonomiske situasjonen inn over seg.

Budsjettforslaget frå rådmannen skal først behandlast av formannskapet 18. november og bystyret 4. desember før fylkesmannen kjem med sin uttale.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL