Hopp til innhold

Årets Teskjekjerring

Forfattar Maria Parr er tildelt Teskjekjerringprisen for 2009.

Video nsps_upload_2010_1_21_14_23_42_23.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Dette er ein heiderspris som går til godt akta kunstnarar. Prisen blei oppretta til ære for diktaren Alf Prøysen i 1974. Maria Parr har tidlegare fått Brageprisen og no altså Teskjekjerringprisen.

- Eg veit ikkje kva det er, men det har vel noko med bøkene eg har skrive å gjere, seier Maria Parr til NRK.

Teskjekjerring

Maria Parr veit godt kven sjølvaste Teskjekjerringa er. Dette er ein av figurane til Alf Prøysen, kjerringa som blei lita som ei teskei i dei mest utrulege situasjonane. No er det boka Vaffelhjerte Maria Parr har fått prisen for. Denne boka skal også filmast og bli serie på Barne-TV i NRK.

- Eg har vel eigentleg alltid gått og grubla og tenkt og laga forteljingar. Eg trudde at alle gjorde det, men det er vel feil, skrattar Maria Parr.

Prøysen-prisen til brødrene Bremnes

Parr til Barne-TV

Rømingsvegar for barn

Om historiene sine seier Maria Parr at ho ønskjer å lage rømingsvegar for barn.

- Ja, ein kan seie det litt sånn. Eg vil gjerne lage plassar for barn utanfor kvardagen. Ungar er så prisgitt vaksne at dei treng dette. Dei har kort veg til fantasien. Dei kan forsvinne inn i andre ting når dei treng det, seier Parr.

Prøysenprisen

Teskjeskjerringprisen blei i år som før delt ut samstundes med sjølve Prøysenprisen. Denne gjekk i år til brødrene Lars og Ola Bremnes.

- Dette er veldig stort. I vårt fag er dette ei høg utmerking å få, sa Lars Bremnes under tilstelninga på Det Norske Teatret i Oslo onsdag formiddag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL