Hopp til innhold

Ordførar om hurtigbåt-forslag: – Skandaløst

Båtruta Molde-Vestnes-Vikebukt står i fare for å bli lagt ned. Romsdal regionråd rasar mot forslaget.

Tiderose

Samferdselsavdelinga har fremja eit forslag om å leggje ned hurtigbåten mellom Molde, Vestnes og Vikebukt. Årsaka er økonomiske vanskar i fylkeskommunen.

Foto: Skipsrevyen

– Det er skandaløst å kome med eit slikt forslag!

Ordføraren i Vestnes, Geir Inge Lien (Sp) er blant dei mange som er forarga over høyringsforslaget til samferdselsavdelinga i fylkeskommunen. Lien og dei andre medlemmane i Romsdal Regionråd protesterer høglydt mot planane om å redusere eller leggje ned Molde-Vestnes-Vikebukt-ruta neste år.

Populær pendlarrute

Geir Inge Lien

Ordførar Geir Inge Lien (Sp) i Vestnes seier mange jobb- og elevpendlarar vil bli ramma om hurtigbåtsambandet vert lag ned.

Foto: Trond Vestre / NRK

Oppimot 700 daglege pendlarar på sambandet over Romsdalsfjorden. Lien meiner difor at det er ein svært dårleg idé å leggje ned ruta.

– Om ein må flytte alle pendlarane over på ferja, vil kapasiteten bli sprengt. Kapasiteten er dessutan dårleg nok som han er, meiner han.

Spesielt ille synest han det er at ei nedlegging vil kunne gå ut over skuleelevar.

– Det er mange ungdommar som brukar ruta. Blant anna vil elevar på Gjermunes og Molde vidaregåande bli ramma. Det er ikkje heldig, seier han.

– Rammar arbeidsregionen

Ved å leggje ned rutetilbodet, fryktar Lien at det vil få alvorlege konsekvensar for arbeidsregionen.

– Fylkeskommunen snakkar om kor viktig det er at Vestnes høyrer til Molde. Men eit forslag som dette vil slå føtene under arbeidsregionen, seier han og legg til at reaksjonane har ikkje latt vente på seg pendlarar i mellom anna Stordal, Haram og Rauma.

– Stor ulempe

Når Tresfjordbrua og Møreaksen kjem, vil også ferjetilbodet over Romsdalsfjorden forsvinne. Romsdalskommunenene på begge sider av fjorden, vil derfor stå utan eit offentleg skysstilbod dersom hurtigbåtsambandet vet lagt ned. Det uroar raumaordførar Lars Olav Hustad (H).

– Vi har mange frå Måndalen, Innfjorden, Vågstranda som nyttar seg av ruta kvar dag frå Vikebukt. Då slepp dei å reise til Vestnes, noko som kan bli ei stor ulempe dersom dei må det når Tresfjordbrua kjem, seier han.

Raumaordføraren synest forslaget ikkje heng på greip med visjonane fylket har for regionen.

– I desse tider når det er så mykje snakk om å slå saman kommunar, så er det viktig å byggje saman arbeidsmarknaden – og ikkje byggje ned.

Fylkeskommunen undersøkjer moglegheitene for å redusere hurtigbåttilbodet som i dag eksisterer mellom Molde og Vestnes. Reaksjonane har ikkje late vente på seg.

Både ordførar og regionråd er i harnisk over forslaget frå Møre og Romsdal Fylkeskommune.