Hopp til innhold

Protesterer mot avgiftsauke på farga diesel

Finansminister Siv Jensen er ikkje spesielt populær blant bøndene for tida. Auken i avgifta på anleggsdiesel med 81 øre per liter, som blei ein realitet frå og med årsskiftet, får bøndene til å sjå raudt. Mellom anna får ei protestgruppe på Facebook stor oppslutnad.

Petter Arne Ekroll

Petter Arne Ekroll og samarbeidspartnarane ved Skodje Samdrift meiner auken i anleggsdieselavgifta er svært uheldig for den nye regjeringa. – Det er veldig negativt at den nye regjeringa, som profilerer seg på avgiftslette og at det skal bli betre for næringslivet, gjer ei slik heilomvending frå prinsippa sine.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Inne i det store driftsbygget til Skodje Samdrift på Skodje utanfor Ålesund, er det full aktivitet med kalving og mjølkeproduksjon. Bonde Petter Arne Ekroll er midt i skiftet sitt når NRK Møre og Romsdal møter han. Saman med fire andre bønder frå bygda eig han 450 dyr, derav 90 mjølkekyr.

Dei fem disponerer til saman 1500 mål med slått- og beiteareal, og driv i tillegg til mjølkeproduksjon med graving, planering og drenering. Avgiftsauken på raud diesel, eller anleggsdiesel, slår difor hardt ut på drifta til Skodje Samdrift.

– Vi treng sikkert 30.000-35.000 liter diesel i året for å drive maskinparken vår. Avgiftsauken medfører ein stor ekstrakostnad som vi ikkje har mogleheit til å ta inn igjen. Vi taper med andre ord mykje pengar på dette, seier Petter Arne Ekroll.

Petter Arne Ekroll

Fleire kalvar har komt til dei siste døgna, så Petter Arne Ekroll og dei andre bøndene som driv Skodje Samdrift har mykje å henge fingrane i om dagen. No er Ekroll og samarbeidspartnarane usikre på korleis dei vil takle avgiftsauken på anleggsdiesel.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Stor oppslutning om protestgruppe

Ei protestgruppe mot avgiftsauken blei for få dagar sidan oppretta på Facebook, og har i skrivande stund nesten 30.000 "likes". Her er både bønder, anleggsmaskinførar og andre i næringslivet mellom dei som har likt sida. Det har også Petter Arne Ekroll fått med seg.

– Eg er ikkje medlem av denne gruppa, men det verkar som eit flott initativ. Det er ein viktig debatt å ta opp, sjølv om auken allereie er gjennomført, seier Ekroll.

– Dårleg reklame for regjeringa

Auken i avgifta på raud diesel trådde i kraft frå og med 1. januar i år. Det vil i praksis seie ei auke på 81 øre per liter drivstoff. Det er ei avgiftsauke på nærare 50 prosent.

– Det er veldig negativt at den nye regjeringa, som profilerer seg på avgiftslette og at det skal bli betre for næringslivet, gjer ei slik heilomvending frå prinsippa sine. Eg synast det er utruleg dårleg reklame for den nye regjeringa, seier Petter Arne Ekroll i Skodje Samdrift.

Finansminister Siv Jensen har tidlegare forklart avgiftsauken til dei i anleggsbransjen som har reagert. Då forklarte ho at det samla skatte- og avgiftsnivået blir redusert i 2014. Noko som betyr lågare inntektsskatt både for personar og selskap, reduksjon av formueskatten og fjerning av arveavgifta.

Spesiell våronne

Ekroll er klar over at avgiftsauken også vil ramme andre delar av næringslivet, men at konsekvensene for bøndene er av ein heilt annan karakter.

– Anleggsbransjen vil for eksempel kunne auke timeprisane sine, for å kompensere for avgiftsauken. Det har ikkje vi moglegheit til. Vi må på vår side gjennom ei rekkje forhandlingar i forhold til matprisane, seier Ekroll.

– Blir våronna spesiell i år med tanke på den rekordstore avgiftsauken?

– Ja, heilt klart. Det blir slik at ein må tenkje litt meir nøye gjennom kva ein gjer, slik ein ikkje nyttar meir drivstoff enn absolutt nødvendig.

– Avhengig av kompensasjon

Odd Christian Stenerud og kona Margreta driv mjølkeproduksjon på garden sin på Godøya i Giske, og kan tape titusenvis av kroner på avgiftsauken. Odd Christian er lite imponert over Finansdepartementet med finansminister og Framstegsparti-leiar Siv Jensen i spissen.

– Eg er forundra over at det partiet som sikra seg finansministerposten, og som i alle år har kjempa for kutt i skattar og avgifter, no må godta ein slik auke.

(Saka held fram under biletet).

Odd Christian Stenerud

Odd Christian Stenerud er ein av mange bønder som

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Stenerud, som har 50 mjølkekyr i fjøsen på Godøya, meiner det realistisk sett berre finnast eitt tiltak som kan gi bøndene inntektene dei treng for å dekke inn tapa.

– I ei næring som i utgangspunktet er under sterkt press, så er vi heilt avhengige av å få kompensert dette tapet gjennom auka matvareprisar. I lys av det politiske regimet vi har i dag har eg ikkje forventingar til at vi får kompensert noko av tapet gjennom auka tilskot, seier Odd Christian Stenerud avslutningsvis.

Nesvik set pris på engasjementet

Parlamentarisk leiar for Framstegspartiet på Stortinget, Harald Nesvik, set pris på engasjementet bøndene no viser, mellom anna gjennom protestgruppa på Facebook.

– Eg likar godt at folk er engasjerte, men i dette tilfellet må bøndene også sjå på totaliteten. Dette var ein del av den posten knytta til inndekninga i Statsbudsjettet, nettopp for å finansiere dei andre skatte- og avgiftstiltaka vi har fått gjennomført.

– Når vi no har klart å lette skattane og avgiftene i dette budsjettet med om lag 7,3 milliardar kroner, så må ein finne andre postar å hente inn igjen dei pengane frå. Bøndene får samstundes mange milliardar i statlege subsidiar, seier Harald Nesvik.

– Kva går denne auka avgifta til, konkret?

– Inntektene frå denne og dei andre avgiftene i denne posten går til å dekke inn at arveavgifta er borte, at skatten for lønnstakarar har gått ned ein prosent, og at selskapsskatten blei redusert med ein prosent, seier Harald Nesvik avslutningsvis.

Harald Nesvik

Parlamentarisk leiar for Framstegspartiet på Stortinget, Harald Nesvik, set pris på engasjementet til bøndene.

Foto: Ole-Ottar Høgstavoll / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL