Pris til Island Offshore
Island Offshore vart tildelt prisen som «Årets maritime lærebedrift» for 2015 under Haugesundskonferansen i dag. Dette er ein pris som vert tildelt ei bedrift som har utmerka seg i særs positiv retning for rekruttering av norsk maritim kompetanse. Næringsminister Monica Mæland overrekte prisen til Training Manager Svein Magne Tenfjord frå Island Offshore.