Hopp til innhold

Prekær vassmangel i Surnadal

Kulda skaper store problem i Surnadal. I alt 150 husstandar er vasslause, og vêrutsiktene kan tyde på framleis kaldt og tørt vêr.

Utsikt frå Rognskogen i Surnadal

Vassmangelen i Surnadal kommune har skapt problem for mange. Vêret som kjem er heller ikkje oppløftande.

Foto: Lars Magne Bæverfjord

På grunn av frost og lite nedbør er det til dels omfattande vassmangel i Surnadal kommune.

Situasjonen er verst i Stangvik og Prestelva. I Stangvik er det anslått at 150 bustadar er utan vatn.

Kommunen har allereie hatt fleire krisemøte, og kommunalsjef Inge Skogheim fortel at tiltaka no er mange. Han har ansvaret for vatnet i kommunen.

– I Stangvika er det desidert mest prekært, i og med at heile vassverket er sett ut av drift.

– Det er vassmangel på heile nettet, men der har vi kopla til ei provisorisk løysing for dei største brukarane – eit gardsbruk og sjukeheimen, fortel Skogheim til NRK.

Desse to får tilkøyrt vatn med tankbil.

Folk må til symjehallen for å dusje

For andre abonnentar, som er mindre, må derimot vatnet hentast på eiga hand.

– Det kan hentast på aldersheimen, opplyser kommunalsjefen.

Om folk skal dusje, eller vaske seg, kan det sjå ut til at symjehallen er den einaste løysinga for mange.

– Symjehallen vil vere open, slik at folk kan reise dit for dusjing og personleg hygiene.

Saka held fram under bildet.

Stangvik

Det er i Stangvik at forholda er verst.

Foto: Ingrid Sollid

– Kan kome seg med mildvêr, men ...

Det kommunale vassverket i Stangvik er fullstendig tørt. For mange av dei som no er utan vatn har situasjonen vore den same sidan torsdag.

– Vi vil ikkje vere eksakte på når vatnet kjem tilbake. Vêrsituasjonen avgjer dette, seier Skogheim.

– Det kan kome seg med litt mildvêr, men det kan sjå ut til at de framleis vil vere kaldt. Fleire tiltak, som pumping og overføring frå andre bekkar, er til vurdering.

For eit vêrskifte kan i verste fall ta lang tid.

Hugsar ikkje verre på 20 år

Ifølgje kommunalsjefen har det ikkje vore så gale på mange, mange år.

– I løpet av dei 20 åra eg har budd her i Surnadal har eg ikkje opplevd maken til tørke og frost. Dette er heilt spesielt.

Likevel tek han det med godt humør, og seier kommunen gjer det dei kan.

– Med alle ressursar vi har. Vi får god hjelp frå rørleggjarar og vi har fått låne utstyr frå Kristiansund, seier Skogheim.

Han oppfordrar folk, dersom behova er spesielle, om å ta kontakt. Vatn kan nemleg køyrast ut.

Vakttelefonen i brannvesenet er 41 63 53 88, medan heimesjukepleia sitt nummer er 90 20 63 98, fortel kommunalsjefen.