Hopp til innhold

Populært med slektsgransking

Høgskulen i Volda merkar stor interesse for slektsgransking. Til hausten tilbyr dei gratis nettkurs for alle som er interessert i temaet.

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda må satsar på slektsgransking og tilbyr frå hausten av eit nytt nettkurs om temaet.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Hausten 2008 starta Historisk institutt ved Høgskulen i Volda (HVO), DIS-Noreg, Slekt og Data, eit eige studietilbod i slektsgransking.

Etter ei pause i studieåret 2014–2015 er det populære studiet no tilbake i ny drakt.

– Vi har merka ein stor etterspurnad etter kurset. Det vart til og med oppretta eigne Facebook-grupper for å få det tilbake, seier Hilde Gry Leer-Salvesen, rådgjevar for e-læring ved Høgskulen i Volda.

I løpet av to dagar har heile 160 personar så langt meldt seg på kurset.

Aukande interesse

Leer-Salvesen fortel at dei har merka ein aukande interesse for slektsgransking dei åra dei har hatt studiet.

Hilde Gry Leer-Salvesen

Hilde Gry Leer-Salvesen fortel at dei har merka ein stor pågang for slektsgransking.

Foto: OLAV STANDAL TANGEN

– Eg trur blant anna at fjernsynsseriar som «Hvem trur du at du er?» har bidratt til å gjere folk meir interessert i dette temaet. Det verkar som om fleire ønsker å vite meir om slekta og historia deira, seier ho.

NRK har så langt produsert tre sesongane av fjernsynsserien «Hvem trur du at du er?» (2011, 2013 og 2015). Det førte til at serverane i Arkivverket heldt på å bryte saman etter kvar episode på grunn av stor pågang frå interesserte sjåarar.

Ope for alle

Høgskulen har dei siste åra valt å satse sterkt på e-læring og tilbyr no ei rekkje nettkurs innanfor ulike studieretningar.

Dei som står bak

Dei fire som har utvikla MOOCen for slektsgransking: Rune Nedrud, frå Norsk Slektshistorisk Forening, Knut Bryn, frå DIS Noreg Slekt, Arnfinn Kjelland, førsteamanuensis i historie ved Høgskulen i Volda og Roy Inge Nupen, overingeniør ved IT-avdelinga ved Høgskulen i Volda.

Foto: Høgskulen i Volda

– Studentane rapporterer jamt over at dei er nøgde med fleksible studieløp, noko som også viser att i god søking til nettstudium, seier Leer-Salvesen.

Slektsgranskingskurset blir undervist via MOOC (Massive Open Online Course), som er fleksible nettkurs som er gratis og tilgjengeleg for alle.

– Det er viktig for HVO å tilby nettkurs av høg kvalitet, så vi utforskar stadig ulike modellar for fleksible studium, seier Leer-Salvesen.

Ho fortel vidare at studentane får tilgang til videoforelesingar, kollokver, oppgåver og testar over nett.

– Personar i heile landet har tilgang til kurset. Det trengst heller ikkje generell studiekompetanse for å ta kurset. Det einaste du treng er tilgang til nett, held ho fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL