Hopp til innhold

Sparetips frå NAV vart årets mest leste sak

Historia om Frank Sørensen (34) frå Ålesund som fekk sparetips frå NAV om å ete hos vener og surfe på nett på jobb vart den mest leste saka på nettsidene til NRK Møre og Romsdal i 2015. Her kan du lese og sjå resten av lista.

Leste nettsaker 2015

Dette er nokre av dei mest leste sakene i 2015.

Foto: Kollasjw

2015 har vore eit spennande og innhaldsrikt år i Møre og Romsdal, der tema som blant anna sjukehus, krigsheltar, Severin, det rasfarlege fjellpartiet Mannen, Tall Ships Races, og politimeisterkamp har prega nyheitsbilete.

Nokre saker har irritert eller engasjert oss, medan andre har gitt oss ein god latter eller håp. Vi har sett på dei 10 mest leste sakene i 2015.

1. Spareråd frå NAV

Artikkelen som troner øvst over dei mest leste sakene frå Møre og Romsdal i 2015 er saka om Frank Sørensen (34) frå Ålesund.

Notatar frå kurs

Sørensen tok notat under kurset, fordi han reagerte såpass mykje på det som blei sagt.

Foto: Synnøve Hole

Fleire hundre tusen har lest historia om Sørensen som trudde han skulle få smarte spareråd då han melde seg på økonomikurs hos NAV. I staden fekk han råd om å ete hos vener og surfe på nett på jobb.

– Råda dei gir er heilt hårreisande. Kurset verka heilt ok på papiret, men det var heilt til dei begynte å prate, seier Sørensen, etter at han hadde vore på økonomikurs hos NAV i Ålesund.

2. Ungdom slaktar vaksne sin Facebook-bruk

Saka om ungdomane som kritiserte vaksne sin internettbruk vakte stort engasjement blant lesarane i året som gjekk.

– Vaksne har ingen grenser for kva dei legg ut. Ingen bryr seg om at barna dine har spysjuka, og vi treng i alle fall ikkje å sjå bilete av det, fortel Ane Buner (18).

Saman med Elisabeth Ulla Uksnøy (19) og Veronica Hagala (18) hadde dei tre sett seg lei av vaksne sin bruk av sosiale medium.

Heile saka kan du lese her: Kritiserer foreldrenes bruk av Facebook

Dette var ungdomane sine tips:

  • Ikkje del alt du gjer! Det er ikkje alt som er interessant.
  • Tenk over kva du vil at andre skal vite om deg.
  • Avgrens bruken av smilies og utropsteikn.
  • Ver kritisk til kva du deler av andre sine bilete og videoar.
Elisabeth Ulla Uksnøy, Ane Buner og Veronica Hagala

F.v.: Elisabeth Ulla Uksnøy, Veronica Hagala og Ane Buner ønsker sårt at også vaksne skaffar seg nettvett.

Foto: Skjermdump Facebook

3. Celine (21) opplevde marerittet i trafikken

Den tredje saka på lista handlar om kor fort det kan gå gale. Like før Celine Løvoll Hildrestrand (21) reiste heimanfrå fredag 22. november lovde ho mora si å vere forsiktig på vinterføret. Dei andre sjåførane hadde ho derimot ikkje kontroll på.

Saman med tre venninner var ho på veg til Volda på Gabriellekonsert då det smalt. Sjåføren som kolliderte inn i Celines bil mista førarkortet på staden.

– Eg tenker på det heile tida. Smellet. Eg hugsar berre at eg såg den andre bilen kome over i mitt køyrefelt. Eg følte meg hjelpelaus, fortalde Hildrestrand til NRK etter ulukka.

Ho enda opp med to knekte tenner, eit kutt i hovudet og bloduttredelser over hele kroppen, men det kunne fort gått mykje verre for dei fire jentene i bilen. Les heile historia til Hildrestrand her: – Man er forsiktig, men så skjer dette

Celine Løvoll Hildrestrand i krasj lørdag 21.11

Det sat tre venninner i bilen. Den eine venninna måtte fraktast til Ålesund sjukehus, medan to vart sjekka ved legevakta i Ørsta.

Foto: Privat/Montasje

4. Har du sett dette trikset?

Like før jul kom dette julemattrikset og «tok nasjonen med storm». Trikset skulle garantere verdas beste potet til pinnekjøttet, og mange lét seg interessere av den nok så ukjende metoden.

Trikset kan du sjå her:

Hvordan lage verdens beste potet til pinnekjøttet.

VERDAS BESTE? Sjå videoen om korleis du får meir smak i potetene når du kokar pinnekjøttet.

Heile saka kan du lese her: Vet du om dette pinnekjøtt-trikset?

5. Måtte amputere etter influensa

Historia om tobarnsmor Sissel Osdal (32) frå Skodje har også rørt mange i 2015.

Sissel Osdal måtte amputere etter sepsis

Sissel Osdal fekk alvorleg blodforgifting i jula 2013. Ho svevde mellom liv og død i fleire dagar. I dag kan ho gjere det meste, sjølv om mange av fingrane er borte.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Jula 2013 måtte Osdal amputere store delar av fleire tær og fingrar som følgje av alvorleg blodforgifting.

– Eg er heldig som overlevde og det har alle sagt til meg, seier Sissel Osdal. At det meste av tærne og mykje av fingrane er amputerte, er eit lite offer for å behalde livet, seier ho.

I saka takkar Osdal snarrådige legar for at ho lever etter at ein uskuldig infeksjon heldt på å koste henne livet.

– Eg har fått den beste behandlinga heile vegen. Det finst solskinshistorier i helsevesenet og det er eg eit eksempel på. Eg sit jo her. Dei som har hjelpt meg fortener ein stor takk.

6. 4-åring stira på i dyrepark

Etter ei familietur til dyreparken i Kristiansand fekk 29 år gamle Linn Veronica Blomvik frå Ålesund nok, og bestemte seg for å legge ut blogginnlegget «Mitt barn er ikkje ein sirkusattraksjon». Innlegget fekk massiv respons og støtteerklæringane hagla inn.

Linn Veronica Blomvik

Linn Veronica Blomvik (29) frå Ålesund saman med dottera Emilie.

Foto: Linn Veronica Blomvik / Privat

Blomvik reagerte på måten vaksne og barn stira på den 4 år gamle dottera hennar då dei besøkte dyreparken.

– Vi er vand til å få blikk og små kommentarar, slik har det vore sidan ho vart fødd. Men når vi vart ståande der som ein slags sirkusattraksjon, så kjende eg at tolmodet min tok slutt.

Dottera Emilie er nemleg fødd med diagnosen medfødd kjæmpenævi (Giant Congenitial Melonacyctic Nevus). Tilstanden er svært sjeldan og 4-åringen er født med ein stor føflekk som dekker ein stor del av kroppen hennar. 4-åring stirret på i dyrepark: – Datteren min er ikke en sirkusattraksjon

7. Dette er ulovleg på søndagar

Mange trur at det held at plenklipparen står parkert i kyrkjetida søndag, men faktisk gjeld lova om helgedagsfred heile dagen. Saka om kva som er ulovleg på søndagar vekte stor interessere då denne saka vart publisert i juli: Dette er ulovleg på søndagar

Per Fagerslett

Per Fagerslett brukar aldri plentraktoren på heilagdagar. Han meiner at folk kan klippe plenen på kvardagar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Meiningane var mange og delte om kva som burde vere lov å gjere av arbeid på søndagar.

Politiet opplever med jamne mellomrom å ta imot fortvilte telefonar som handlar om støy.

– Eg trur ikkje alle er klar over lova om helgedagsfred, der ein ikkje skal forstyrre andre med utilbørleg larm, seier politiinspektør Elin Anja Drønnen i Sunnmøre Politidistrikt.

8. Vart lam etter sykkelulukke

Sigurd Groven med familie

Familien er svært viktig for Sigurd Groven. Han vart lam i ei sykkelulukka i 2015.

Foto: Privat

Den aktive fembarnsfaren Sigurd Groven frå Skodje fekk livet snudd opp ned då han vart lam frå kragebeinet og ned etter ei sykkelulukke i juni 2015.

Brått vart fysioterapeut lam, og han som er van med å hjelpe andre måtte brått ha hjelp sjølv.

Det heile såg svært mørkt ut, men Groven var ikkje villig til å gi opp. I denne saka kan du lese om kampen om hans for å kome seg opp av sjukesenga og tilbake til kvardagen. – Livet er ikkje over

– Livet er ikkje over, det har berre forandra seg. Det kan komme mykje positivt ut av dette også, fortalde Sigurd Groven.

9.– Denne døden tilgir eg deg aldri!

Eit anna tema som har vekt stort engasjement i året som gjekk er sakene om barneavdelinga i Kristiansund. I oktober 2014 bestemte Helse Møre og Romsdal seg for å stenge barneavdelinga i Kristiansund i helgene for å spare pengar. Reaksjonane frå foreldre som frykta for barna sine lét ikkje vente på seg.

Anna Owczarz

Barnelege Anna Owczarz gjekk sterkt ut etter dødsfallet i februar.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

I februar 2015 døyr ein 10 månader gammal gut på veg til St. Olavs i Trondheim. Fleire hevda dødsfallet kunne vore unngått om barneavdelinga hadde vore open. Helsetilsynet sin rapport er enno ikkje klar.

I etterkant av dødsfallet gjekk barnelege Anna Owczarz i Kristiansund til kraftig angrep på helseminister Bent Høie på Facebook, og meinte at han måtte ta ansvar for dødsfallet.

– Ta hatten og gå. Denne døden tilgir eg deg aldri, skreiv Owczarz i innlegget.

Saka vakte stor merksemd, og kan lesast i sin fullheit her: – Denne døden tilgir jeg deg aldri!

10. Videoen internett aldri vart lei av

Då Kevin Synnes frå Valderøya, like utanfor Ålesund, bestemte seg for å legge ut ein video av skrikande plastikkender på Facebook-profilen sin vart responsen større enn han nokon gong hadde forventa.

Duck Army

Videoen har blitt delt ein rekke gongar på blant anna Instagram.

Foto: Skjermdump Instagram

– Eg la videoen ut på Facebook og tenkte at eg kanskje ville få 40 likest eller noko, men i løpet av ein dag hadde den blitt sett over 100.000 gongar. Eg kunne nesten ikkje tru det, sa Synnes den gongen.

Videoen fekk internett til å koke og i dag har over 10 millionar sett videoen på Youtube. I tillegg har videoen blitt delt ein rekke gonger på sider som Instagram, Facebook og Vine.

Kva som var bakgrunnen for videoen kan du lese her: – Hadde aldri trudd at videoen ville ta av

Og videoen kan du sjå her.