Hopp til innhold

Politireforma: – Vil ikkje meine noko om lokalisering

Politimeister Ingar Bøen på Sunnmøre vil ikkje meine noko om kvar den nye politimeisteren i Møre og Romsdal skal ligge. – Ein fogderistrid vil berre skape taparar, seier han.

Politimester Ingar Bøen Ålesund

Politimeisteren Ingar Bøen på Sunnmøre åtvarar mot harde frontar i diskusjonen om kvar politimeisteren skal halde til.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Tysdag blei det klart at Møre og Romsdal blir eitt felles politidistrikt. Dermed starta diskusjonen om kvar den nye politimeisteren skal halde til.

– Det er veldig uheldig at det blir ein diskusjon om plassering alt frå første dag. Når ein legg opp til ein fogderistrid, blir det fort taparar. For min del ventar eg avgjerda frå Politidirektoratet, og så går vi 100 prosent for det, uansett kva det blir, seier Bøen.

Han er opptatt av dei no skal smelte saman politikulturar.

– Vi skal jobbe for å smelte saman det beste i kulturane, og då er det uheldig å starte med ein prosess der det blir skapt taparar. Så eg vil sterkt åtvare å gå inn i knallhard fogderistrid om plassering.

Arnstein Nilssen

Politimeister Arnstein Nilssen i Nordmøre og Romsdal meiner distriktet blir for lite, slik det er lagt opp til i den nye reforma.

Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

Heller ikkje politimeister Arnstein Nilssen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt vil seie noko om plassering.

– Det er vanskeleg å seie noko om no, dette skal behandlast i Stortinget og mykje kan skje. Det viktigaste er å gjere det beste ut av reforma slik den er no, seier Nilssen.

Meiner distriktet blir for lite

Nilssen har tidlegare sagt at han har ønskt ei samanslåing med Trøndelag.

– Vi blir eitt av landets minste politidistrikt. Vi blir mindre enn det Sør-Trøndelag er i dag. Så eg skulle nok ønske når vi først gjennomførte ein slik reform, så hadde vi blitt del av eit større distrikt.

Bøen meiner det er ein fordel å følgje fylkesgrensene.

– No får vi eit område som er delt inn frå før, for eksempel er det tilsvarande som for fylkesmannen, og det er ein fordel med tanke på beredkskapsansvar, seier Bøen.

Trur på meir politi i gatene

– Meir politi i gatene har vore eit mål for reforma, trur de kan greie det?

– Ja, når vi slår saman funksjonar, så blir det frigjort ein del arbeidskraft som vi kan setje ut i operative funksjonar, meiner Bøen.

Nilssen er ikkje like sikker på effekten.

– Noko politikraft vil vi få frigjort, men eg stiller spørsmålet når politidistriktet blir så lite, om vi har så mykje å tilføre kvarandre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL