Hopp til innhold
Ålesund politistasjon
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Politisaker i Møre og Romsdal

  • Funn av død person i Sande på Sunnmøre

    Politiet melder at det er gjort funn av ein død person i vatnet i Gursken i Sande kommune på Sunnmøre. Politiet er på staden.

    – Per no er det ingenting som tyder på eit straffbart forhold, seier Sindre Molnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

    Dei pårørande skal vere varsla om dødsfallet.

    Politiet skal gjere undersøkingar på staden og avhøyre vitne. Håpet er å finne ut korleis mannen hamna i vatnet.

  • To fengsla vidare i narkotikasak

    Møre og Romsdal tingrett har forlenga varetektsfengslinga for to menn som er sikta for grove narkotikalovbrot.

    Dei to var blant fleire som blei arresterte etter at det blei avdekt ein stor hasjplantasje i Ørsta i slutten av januar.

    Totalt er det seks sikta i saka. Dei er sikta for grove narkotikalovbrot, med ei strafferamme på inntil 10 år.

    Den eine av mennene har delvis erkjent straffskuld, medan den andre ikkje erkjenner straffskuld for det han er sikta for.

    Retten har mellom anna vektlagt at dei to er utalandske statsborgarar og at det er ei fare for at dei kan forlate landet om dei blir slept fri.

    Det to blir fengsla i åtte nye veker.

  • Braut seg inn i hus i Fosnavåg

    Ein mann i slutten av 40-åra er varetektsfengsla i fire veker. Mannen, som er utanlands statsborger, blei tatt på fersken då han braut seg inn i ein bustad i Fosnavågen denne veka. Det melder Sunnmørsposten. Retten meiner at det er ein fare for at mannen kan reise tilbake til heimlandet sitt om han blir slept fri og gjekk med på å halde mannen fengsla i fire veker.

  • Tatt for tjuveri og bæring av kniv

    Ei kvinne og ein mann blei stoppa av vekterar og politi på kjøpesenteret Amfi Moa i Ålesund. Kvinna blir meldt for tjuveri av sko og for bæring av kniv på ein offentleg staden. Mannen blir meldt for å ha oppbevart det som skal vere narkotika. Det melder politiet i Møre og Romsdal.

  • Singelulykke i Hustadvika: – Ulykken fremstår som alvorlig

    Politiet i Møre og Romsdal melder at nødetatene har rykket ut til en trafikkulykke med enslig kjøretøy på Atlanterhavsveien i Hustadvika kommune.

    – Nødetatene er fremme på stedet. Det var ett kjøretøy involvert i ulykken, med én person i bilen. Ulykken fremstår som alvorlig, sier operasjonsleder Ragnvald Knut Rasmussen.

    Veien ulykken skjedde på er stengt.

    – Ulykkesgruppa fra Statens veivesen og kriminalteknikere fra politiet på vei til stedet. Veien blir stengt en stund fremover mens vi arbeider på stedet, sier Rasmussen.

    Han kan foreløpig ikke si noe mer om skadeomfang.

  • 27 kjørte for fort i Gjemnes - en mista førerkortet

    En bilist fikk beslaglagt førerkortet i en trafikkontroll som Utrykningspolitiet gjennomførte på E39 ved Batnfjordsøra i Gjemnes kommune. Det skjedde etter å ha kjørt i 88 km/t i 60-sona. Ytterligere 26 bilførere fikk forenklet forelegg for å kjørt for fort, en fikk forenklet forelegg for brudd på vikeplikten.