Hopp til innhold

Mistenkt for ulovleg drosjekøyring av utanlandske arbeidarar

Ein mann frå Søre Sunnmøre blir meld til politiet mistenkt for å ha køyrt drosje ulovleg. Ifølgje politiet skal mannen ha køyrt utanlandske arbeidarar til og frå Vigra.

Politiet stoppar ulovleg drosje

Politiet stoppa søndag ettermiddag ein bil med passasjerar i Sula. Dei mistenkjer at føraren driv ulovleg drosjekøyring.

Foto: tipser

Politiet stoppa søndag ettermiddag ein minibuss i Sula, som skal ha kome frå Vigra. Ifølgje operasjonsleiar Per Åge Ferstad var det fleire personar i bilen, då han blei stoppa.

- Vedkomande har vore observert fleire gongar på Vigra der han har tatt med passasjerarar, seier Ferstad til NRK Møre og Romsdal søndag ettermiddag.

Laster Twitter-innhold

Ifølgje Ferstad er mannen mistenkt for å drive med persontransport mot betaling, utan å ha løyve for det. Ferstad seier også at han ikkje kunne leggje fram kompetansebevis for yrkessjåførar, som alle drosjesjåførarar skal ha.

Skal ha køyrt utanlandske arbeidarar

Politiet fekk søndag ettermiddag tips frå drosjenæringa om mannen som då skal ha vore på Vigra og henta folk. Dermed rykte dei ut, og stoppa mannen på Sula, truleg på veg til Søre Sunnmøre.

- Drosjene seier at han køyrer på utanlandske arbeidarar frå Vigra, og at han høyrer heime på Søre Sunnmøre, seier Ferstad. Han trur mannen var på veg til Sulesund, då han blei stoppa.

Drosjenæringa godt fornøgd

Trond Hansen, som er formann i Ålesund Taxi, seier han er godt fornøgd med at politiet rykte ut.

Drosjenæringa kjenner seg makteslause i kampen mot ulovleg køyring.

Også samferdselsavdelinga i fylket stadfestar at det dei kallar piratdrosjer florerer.

- Det er veldig bra at dei fekk tatt han. Vi tipsa om han, for det har kome oss for øyre at bilen hans har køyrt ein del til og frå Vigra, og lokalt på Søre Sunnmøre, seier Hansen.

Det har så langt ikkje lukkast NRK Møre og Romsdal å få kommentar frå sjåføren søndag ettermiddag.