Hopp til innhold

Politiet lovprisar beredskapsviljen

Eit strengt kontrollregime har prega dagen fleire stadar i fylket etter gårsdagens terrorvarsel. Politiet lovprisar private aktørar for å ta trusselen på alvor.

Eit strengt kontrollregime har prega dagen fleire stadar i fylket etter gårsdagens terrorvarsel. Politiet lovprisar private aktørar for å ta trusselen på alvor - trass i at dei sjølve ikkje føler seg som eit potensielt mål for ei terrorhandling.

På Vestbase i Kristiansund har dei innført grundigare kontrollar og auka bemanninga.

– Slik som dette er definert, og sentrale myndigheiter har gått ut, så veit ein ikkje noko om stad for ein slik trussel. Då er det naturleg at heile landet tek sine forholdsreglar.

Ove Brudevoll

Fungerande politimeister Ove Brudevoll rosar bedriftene.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det seier Ove Brudevoll, fungerande politimeister i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Han har hatt nok å gjere sidan torsdag morgon. Det har også moglege terrormål rundtom i fylket. Oljeforsyningsbasen Vestbase i Kristiansund har innført fleire grundige kontrollar og auka bemanninga.

Vestbase har tilpassa seg varselet om terrorfare i Noreg. Fredag fortalde eit lite oppslag at all trafikk må gå gjennom den bemanna porten.

– Det må vi ta på alvor, og det er sånn sett god trening på å teste beredskapen i organisasjonen, meiner administrasjonssjef Kjetil Bjerkestrand i Vestbase.

Kjennest fjernt

Alt på grunn av ei delvis ukjend terrorfare må dei tilsette og besøkande på Vestbase kontrollerast.

– Det skal henge ein lapp her eigentleg som viser at de har fått godkjenning for å køyre inn bilen, seier vakta på Vestbase og peiker på frontruta.

Kjetil Bjerkestrand

Kjetil Bjerkestrand, administrasjonssjef på Vestbase i Kristiansund, seier at dei tilsette forstår auken i tryggleikskontrollar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Sjølv med dei nye kontrollane kjennest derimot terrortrusselen fjern ut på Ytre Nordmøre. Syriske terroristar ser vel ikkje dit først?

Politiet er likevel svært tydelege på at det er positivt det mellom andre Vestbase gjer.

– Eg har oppfatninga at det har blitt utvist godt skjønn, seier politimeister Brudevoll.

– Ikkje nemneverdig

På Vestbase går derimot den daglege drifta som vanleg.

Terrorfaren heng ikkje som ei tung sky over dei tilsette.

– Nei, det verkar ikkje inn på stemninga på anlegget. Det er veldig greitt og ein normal kvardag. Folk viser godvilje og skjønar at dette er sunn fornuft, slår administrasjonssjef Bjerkestrand fast.