Hopp til innhold

Politiet får taktisk hjelp frå Kripos i dag

I dag kjem taktiske etterforskarar frå Kripos til Ålesund i samband med dødsfallet i Spjelkavika. I går ettermiddag blei ein mann funnen død etter ein brann og tre personar er pågripne og sikta i saka. Seint i går kveld var teknikarar frå Kripos på plass på åstaden.

Krimteknikere utenfor huset der en mann omkom etter mistenkelig brann i Ålesund

Etterforskinga etter den mistenkjelege dødsbrannen gjekk langt inn i natta. Onsdag får Sunnmøre politidistrikt bistand frå Kripos.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

I alt jobbar mellom 50 og 60 politifolk med saka. Dei første tekniske etterforskarane frå Kripos kom seint tysdag kveld til Ålesund for å starte arbeidet med å finne årsaka til dødsbrannen tidlegare på dagen. Ut på dagen onsdag kjem også fleire taktikarar for å delta i etterforskinga.

Har etterforska utover natta

Politiet jobber på stedet

Etterforskinga i Ålesund held fram utover natta.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Seint tysdag kveld leitte også fleire politifolk og hundar vidare etter fleire personar, trass i at tre personar blei arresterte tidlegare tysdag kveld.

– Vi kjem til å jobbe framover kvelden og natta, når vi gir oss, veit eg ikkje, sa leiaren for etterforskingsseksjonen, Robert Hjelmeseth ved Sunnmøre politidistrikt til NRK tysdag kveld.

– Har de fått tak i dei rette?

– Eg kan ikkje seie noko om det no, seier Hjelmeseth.

Tidlegare på kvelden blei ein bil taua inn, men Hjelmseth ville i går ikkje seie noko om kven som eig denne eller kva for tilknytting den har til saka.

Ikkje starta avhøyr

Tysdag kveld opplyste politiet at det førebels ikkje er gjort formelle avhøyr av dei tre sikta, og at dei heller ikkje har fått utnemnt forsvararar. Ifølgje Hjelmeseth er alle dei tre kjende av politiet frå før, men han vil ikkje seie noko om dei har tilknyting til noko narkotikamiljø i byen.

– Dette er folk som er kjende for politiet frå før av ulike årsaker, seier han.

Tysdag kveld var det gjort fleire avhøyr av vitne. Politiet opplyste då at dette arbeidet ville halde fram utover natta og onsdagen. Dei tre som er sikta har ikkje fått ei formell sikting, men er sikta for å vere innblanda i saka.

Åstaden blir undersøkt onsdag

Åstedgranskere fra politiet

Fleire naboar skal ha høyrt høge smell og sett folk springe frå staden.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Førebels er den omkomne ikkje frakta vekk frå leilegheita i Ålesund. Planen er at politiet skal undersøkje åstaden onsdag.

Politiet ville tysdag kveld ikkje seie når den avdøde blir formelt identifisert. Dei ville heller ikkje opplyse om kva tilstand mannen var i då han blei funnen

Ber om fleire tips

Politiet ber om tips etter det mistenkjelege dødsfallet. Fleire naboar skal ha høyrt høge smell og sett folk springe frå staden.

– Vi har fått inn ein del tips på observasjonar av køyretøy og personar, men vi søkjer breitt og forfølgjer alle spor som vi får, seier Hjelmeseth.