Hopp til innhold

Politiet etterlyser mann med hettegenser etter valdtektsforsøket i Sula

Politiet etterlyser ein mann med hettegenser og svart joggebukse etter det siste valdtektsforsøket i Sula i helga. Dei trur mannen står bak begge sakene mot to eldre kvinner i sommar.

Politiet etterlyser ein mann med hettegenser og svart joggebukse etter det siste valdtektsforsøket i Sula i helga. Dei trur mannen står bak begge sakene mot to eldre kvinner i sommar.

VIDEO: Politiinspektør Elin Drønnen presiserer at gjerningsmannen kan ha skifta kle, og ber difor om observasjonar generelt på menn i området sist helg.

Politiet seier på ein pressebrief no klokka 14 at dei etterlyser ein konkret gjerningsmann. Mannen blir skildra som 175-180 cm høg og med slank kroppsbygning. Han skal ha hatt lysgrå hettegenser eller jakke og ei svart joggebukse.

– Det er viktig å poengtere at gjeningspersonen kan ha skifta kle, og kan ha hatt ei anna påkledning før og etter ugjerninga, seier politiinspektør Elin Drønnen ved Sunnmøre politidistrikt.

Ho seier difor at alle observasjonar av mannspersonar er interessante, og ber publikum om å ta kontakt.

Etterlysinga kjem i stand etter skildring på den eldre kvinna som blei utsett for forsøk på valdtekt.

Les også:

Ber folk leite i søppelbøtter etter kle

Politiet oppmodar også personar som bur i nærområdet om å sjå etter framande kle, til døme i søppelbøtter, i naturen eller andre stader.

Det har vore snakk om at gjerningsmannen var maskert, var han det?

Det vil vi ikkje kommentere, seier Drønnen.

Det var natt til søndag den eldre kvinna blei forsøkt valdteken i sin eigen heim i Vågstunet omsorgsbustader i Sula. Dette skjedde berre vel ein månad etter at ei eldre kvinne blei valdteken ikkje langt unna.

Veit ikkje når løysinga kjem

Politiet er forsiktige med å seie når dei trur det kan ha kome ei oppklaring. Ifølgje Drønnen har folk i området vore svært samarbeidsvillige, og gjort det dei kan for å hjelpe politiet.

Vi jobbar kontinuerleg og har store ressursar i sving, vi håper å få ei løysing så snart som råd.

Trur du at saka kan vere løyst i løpet av eit døgn?

Det er svært vanskeleg å seie noko om, seier Drønnen.

Dør-til-dør-aksjon held fram

Politi rundspørjing

Politiet held tysdag fram rundspørjinga i området der den eldre kvinna skal ha blitt valdteken.

Foto: Terje Reite / NRK

30 politifolk held tysdag fram rundspørjinga i nabolaget, etter at dei også måndag gjekk frå dør til dør. Menn i det same området er også bedne om å levere frivillig DNA-prøvar, og samstundes har politiet etterlyst private videoopptak frå den aktuelle natta.

Tysdag fortalde ordførar Geir Ove Vegsund at kommunen no tilbyr skrekkslagne naboar nokon å snakke med, dersom dei har behov for det. Han seier fleire sjukepleiarar i heimetenesten er involvert i arbeidet.