Hopp til innhold

Bestemor er oftast i alvorlege påkjørslar

Eldre utgjer 35 prosent av alle drepte og hardt skadde fotgjengarar. I dag går pensjonistane ut for å vere refleksambassadørar.

Delte ut reflekser

I dag er det den Nasjonale refleksdagen, der målet er å få fleire til å bruke refleks. I år har Pensjonistforbundet Møre og Romsdal engasjert seg for å få ned talet på ulukker. (arkivbilete)

Foto: Hedda Rumohr Berge / NRK

Jakob Strand

I dag skal Jakob Strand og andre pensjonistar ut på gata for å dele ut refleksar.

Foto: Trond Vestre / NRK
Erik Hartmann

Erik Hartmann i Trygg Trafikk seier at mange av dei som omkjem i trafikken er pensjonistar.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

I dag er det den åttande utgåva av den Nasjonale Refleksdagen, der målet er å få fleire til å bruke refleks og dermed få ned talet på fotgjengarulukker. Tal frå Trygg Trafikk viser at berre 29 prosent av vaksne nordmenn brukar refleks. Heile 35 prosent av fotgjengarar som omkjem eller vert hardt skadde i trafikken er eldre. Fleirtalet er kvinner.

No har Pensjonistforbundet engasjert seg og i dag skal eldre i Møre og Romsdal ut på gata for å dele ut refleks, i eit samarbeid med Trygg Trafikk.

Føle seg trygge

– Ikkje berre vil talet på ulykker gå ned med refleks. Vi trur også at dersom folk føler seg trygge ute i mørket, vil fleire gå tur og det er bra for Folkehelsa, seier fylkesleiar Jakob Strand i Pensjonistforbundet.

I dag har dei oppmoda alle pensjonistforeiningar i Møre og Romsdal om å gå ut å by fram refleks til folk.

Han innrømmer at heller ikkje han sjølv er flink nok til å bruke refleks. Som oftast køyrer han bil og då ser han kor vanskeleg det er å få auge på folk som går på vegen. Utan refleks er du først synleg på 25–30 meters hald. Med refleks ser bilføraren deg på 140 meters hald.

Eldre er ein stor ressurs

Erik Hartmann, distriktsleiar i Trygg Trafikk er glad for at pensjonistane vil vere på lag. Han meiner at det å vere ute der folket er, gir størst utteljing.

– Pensjonistane er ein kjemperessurs og no får vi slått fleire fluger i ein smekk. Denne gruppa vil motivere både seg sjølv og andre til å bruke refleks, seier Hartmann.