Hopp til innhold

Pengemysteriet er løyst

For to månader sidan fann dei tilsette på Coop-butikken i Tjørvåg ein bunke 500-lappar på golvet i butikken. No har eigaren meldt seg.

Eva Måløy, butikksjef ved Coop Tjørvåg

Eva Måløy er butikksjef i Tjørvåg. Ho seier mysteriet med pengane har vore ein snakkis i lokalmiljøet.

Foto: Privat

– Han var innom måndag, og det var i siste liten.

Det seier butikksjef Eva Måløy.

– Sidan vi ikkje fann eigaren hadde vi bestemt oss for å gi pengane til Kreftforeninga denne veka, seier ho.

Etterlyste eldre mann

Mysteriet starta då dei fann pengane like ved kassa etter at ein eldre mann hadde vore innom butikken. Verken etterlysing på Facebook, førespurnader til vener og kjende eller omtale i fleire medium gav resultat.

– Vi syns det var veldig rart. Vi var sikre på at vi hadde sett han før, men ingen av oss visste kven han var, seier Måløy.

Eva Måløy, butikksjef ved Coop Tjørvåg

Det var måndag mannen kom innom butikken. Sjølv var Måløy ikkje på jobb, men blei kontakta av dei tilsette.

Foto: Privat

Butikksjefen sat sjølv vi kassa då pengane blei funne, og ho har heile tida meint ho ville kjenne mannen igjen.

– Så då han kom hit måndag tok kollegaen min bilete og sende til meg. Og eg såg med ein gong at det var han, seier ho.

Trudde pengane var tapt

Mannen har fortalt at minnet ikkje er like godt som før, men at han etter ei stund kom på at han kunne ha mista pengane. Han blei difor svært glad då han fekk vite at dei var funne.

– Ja, det er klart han blei glad. Han trudde nok pengane var tapt.

Onsdag blei pengane overlevert til eigaren. Sjølv hadde han inga aning om at nokon leitte etter han og ville gi han pengane tilbake.

– Nei, men vi er glad for at han kom innom igjen, seier Måløy.