Hopp til innhold

Paule meiner livet blir betre med hage

Paule Miller lagar engelsk hage i Ålesund. Han trur det å jobbe i hagen gir betre helse og eit rikare liv.

Paule Miller

Paule Miller er overtydd om at hagearbeid reduserer stress. Sjølv lagar han engelsk hage i Ålesund.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

I hagen til Paul Miller har våronna starta for lenge sidan. Her er det roser, blomster, frukttre og ein liten gøymeplass.

Paule Miller er frå Essex like utanfor London. Han flytta til Ålesund for 13 år sidan og hageinteressa starta få år etterpå. No arbeider han for å lage ein engelsk hage. Han studerer hagebruk med the Royal Society i heimlandet.

– Engelsk hage er stort for folk i England. Eg elskar blomster og dufter og kjensla av å vere ute i hagen. Du får eit betre liv med fargar, meiner Miller.

Mindre stress
Hagen til Paule Miller

Paule Miller studerer hagebruk med the Royal Society i heimlandet.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Han er overtydd om at livskvaliteten og helsa blir betre av plantar. Han viser til ein studie der folk brukte ein halvtime i hagen etter ein stressande dag, og effekten var enorm. Stresshormona var redusert med 60–80 prosent.

– Hagearbeid er ein god hobby, seier Miller.

Sjuk av kyssesjuka

Lisa Ormseth Huseby

Lisa Ormseth Huseby har ME. Ho brukar hagearbeid for å slappe av.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Lisa Ormseth Huseby er samd i at hagearbeid hjelp mot stress. Ho har vore sjuk lenge og det å halde på med blomane i hagen, gjer at ho slappar av. Huseby hadde kyssesjuka og fekk deretter ME. Ho har drive med hagearbeid sidan 2013.

– Hagearbeid gjer at eg har følt meg betre, seier Huseby. I starten var ikkje hagearbeidet like enkelt.

Ho budde i ei leilegheit og måtte ha plantene inne og ute på balkongen. Når plantane vaks, var plutseleg stova full.

– Det såg ut som den jungelen, men eg har ikkje hjarte til å kaste noko, ler Huseby. Etter at ho flytta på gard, har ho fått stor boltreplass. No har ho planta mykje grønsaker og salatar.

– Hagearbeid hjelper meg å stresse ned. Du slepp å tenkje så mykje. Eg kan ta det så roleg eg vil, seier Huseby. Det å sjå at ho får det til, er også hyggeleg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL