Hopp til innhold

Påskeinvasjon i Atlanterhavsparken

Då Atlanterhavsparken i Ålesund på palmesøndag spurde sine besøkande kvar dei kjem frå, fekk dei hakeslepp. 11 nasjonalitetar var representerte – og nesten alle fylka i landet.

Tor Erik Standal

Dagleg leiar Tor Erik Standal ante ikkje at Atlanterhavsparken er så populær. Bak han ser vi den nye Selbukta.

Foto: Frode Berg / NRK

Palmesøndag hadde akvariet gjestar frå Tyskland, Polen, Storbritannia, Litauen, Danmark, Frankrike, Tsjekkia, Færøyene, Finland og USA – i tillegg til nordmenn. Blant dei norske besøkande var 16 av 19 fylke representerte. Berre Finnmark, Troms og Aust-Agder mangla på gjestelista.

– Ikkje berre ski i påska

Dagleg leiar ved Atlanterhavsparken, Tor Erik Standal, fekk hakeslepp då han såg besøkstala i dag tidleg.

– Eg blei veldig overraska. Eg ante ikkje at vi var så populære, seier han.

Påska er ferietid og mange besøker venner og familie, noko som truleg er sterkt medverkande til besøkstala. Konklusjonen blir også at påska er langt meir enn fjell og ski.

Besøksstatistikk

Fremmøtte ved åpning av selparken ved Atlanterhavsparken

Selbukta ved Atlanterhavsparken opna i fjor haust.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Sidan den nye attraksjonen, Selbukta, opna i fjor haust, har Atlanterhavsparken spurt sine besøkande om kva postnummer dei bur på eller kva land dei kjem frå. Sidan då har talet på nasjonalitetar snart kome opp i 50.

– Det er viktig for oss å vite kvar våre besøkande kjem frå så vi kan setje inn marknadsføringa vår på rett stad, seier Standal.

Flest lokale gjestar

Atlanterhavsparken

Dykkarshowet ved Atlanterhavsparken er svært populært.

Foto: Atlanterhavsparken

To av tre besøkande kjem framleis frå det Atlanterhavsparken definerer som nærområdet sitt, det vil seie innanfor ei reisetid på tre timar.

Den svenske nettstaden barnsemester.se har for andre gong kåra Atlanterhavsparken til Nordens beste akvarium. Det skadar vel ikkje det heller.