Hopp til innhold

Påska er gull for småbutikkane

– Vi omset dobbelt så mykje på ein påskedag enn vi gjer på ein vanleg dag, fortel handelsmann Terje Nordvik i Todalen.

Terje Nordvik

Terje Nordvik driv småbutikken Matkroken i Todalen i Surnadal.

Foto: Kristen Bruset

Mange småbutikkar går med underskot kvart år og slit med å halde ope. For desse er høgtider som påske gull verdt.

Ved Matkroken i Todalen i Surnadal doblar dei omsetninga no i påskeveka, fortel Terje Nordvik.

– Folketalet i Todalen aukar kraftig i påska, for då kjem mange utflyttarar heim. I tillegg er det mange som feirar påske på hytta si her.

– Betre enn julehandelen

Med fleire folk i bygdene, vert det fleire kundar i butikkane. Handelsmann Nordvik seier dei sel mykje av både appelsiner og Kvikk Lunsj og han må bestille inn dobbelt så mykje brød som vanleg.

Onsdag i påska er den beste dagen i året for Matkroken i Todalen.

– Denne dagen er til og med betre enn julehandelen for oss, fortel Nordvik.

På ein vanleg dag får Matkroken i Todalen inn om lag 22 000 kroner. Ein påskedag gir 45 000 - 50 000 kroner i kassa.

Han har også ope både skjærtorsdag og andre påskedag kvart år.

– Men langfredag har vi stengt, vi må kome oss ut på ski vi også, ler han.

Terje Nordvik

Handelsmann Terje Nordvik får mange besøkande i påska.

Foto: Kristen Bruset

Støttar nærbutikken

I tillegg til å kjøpe daglegvarer, er det mange hytteturistar som kjem til Matkroken for å kjøpe verkty.

– Er det nokon som manglar ein bolt eller eit skrujern på hytta så ordnar vi det.

Det er ikkje berre påska som har æra for at det går bra med butikken i Todalen klarer seg. Handelsmannen får ikkje takka bygdefolket nok for at dei handlar hos dei.

– Folk er fantastisk flinke til å støtte nærbutikken og vi opplever lite handelslekkasje, fortel Terje Nordvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL