Hopp til innhold

Reiser eins ærend til Mannen for å sjå han rase

RAUMA (NRK): Fleire har stoppa opp ved foten av Mannen for å prøve å få med seg skredet. Hallvard Østigård blei utolmodig allereie etter ein halvtime.

Innsatsleiar Vebjørn Bale i politiet og Hallvard Østigård står ved foten av Mannen og venter på skredet.

Fleire stoppa søndag opp ved Mannen for å sjå om skredet gjekk. Foto: Hans-Olav Landsverk.

Søndag kom regnet til Rauma, og enda verre ruskevêr skal det bli i starten av neste veke.

I Rauma stig spenninga i takt med nedbøren, og Østigård har parkert

Hallvard Østigård ved fjellet Mannen

Hallvard Østigård er ein av dei som har reist opp til Mannen berre for å sjå om han kan få med seg skredet live.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

nedanfor fjellet for å prøve å få med seg skredet. Men allereie etter ein halvtime begynte han å bli utolmodig.

– Eg er snart lei, så eg trur eg snart reiser heim.

– Når trur skredet går?

– Tysdag eller onsdag. Men eg blir ikkje sitjande så lenge. Eg får heller ta meg ein tur opp att tysdag, seier han.

Politiet i spissen

Norges vassdrags- og energidirektorat er i Rauma for å hjelpe Åknes/Tafjord Beredskap IKS og kommunen med Mannen-situasjonen.

Også politiet er på staden for å følgje med og kike på forholda. Dei er, slik som mange andre, spente på kva slags utslag regnet har på fjellet.

Vebjørn Bale, innsatsleiar i politiet i Rauma
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Og når fjellet startar å knake, og skredet rasar nedover dalen, er det politiet som står i spissen for eventuelt redningsarbeid.

– Vi har allereie sett opp nye skilt for å setje ned fartsgrensa. Forhåpentlegvis går det fint, seier innsatsleiar i politiet, Vebjørn Bale.

– Når trur du raset går?

– Når? Det er det store spørsmålet. Vi får sjå, seier innsatsleiaren.

I full beredskap

Rasfare fra Mannen

Denne grafiske modellen av fjellet «Mannen» viser kor stor del av fjellet som kjem til å rase ut i første omgang.

Foto: Marco Vaglieri/ Bjørn Sandvik / NRK

Ei heil kommune blei onsdag denne veka sett i full beredskap etter at Åknes/Tafjord Beredskap IKS varsla skredalarm ved fjellet Mannen.

Tidlegare har det blitt estimert at mellom 10-40.000 kubikk med stein kan rase ut. I den nyaste statusrapporten frå beredskapssenteret kjem det derimot fram at heile 120.000 kubikk med stein – altså tredobbel mengde – kan rase.

Ifølgje geologar vil lydar frå fjellet avsløre når skredet går. Fjellmassane beveger seg framleis rundt 7 mm i døgnet.

Geologane i området følgjer nøye med på utviklinga og har fleire gongar vore oppe i helikopter på synfaring for å utforske området.

Sjå videoopptak frå Mannen.

Geologar tok turen opp i helikopter for å sjå nærare på utviklinga i Mannen. Foto: Hans Olav Landsverk

Mannen i Romsdal