Hopp til innhold

Øver på førstehjelp i barsk natur

Denne helga vert Noregs største alpine redningsøving arrangert på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Inne mellom bratte fjellsider og djupe elver får deltakarar frå heile landet teste kunnskapane sine og lære av kvarandre.

– Bakgrunnen for denne øvinga er at vi skal samtrene på prosedyrane våre, slik at vi kan tre inn i andre grupper dersom det er behov for det, og framleis fungere som ei einskapleg gruppe, fortel øvingsleiar Åsmund Vaage.

Den nasjonale øvinga finn stad ein gong i året, men det er 11 år sidan sist gong øvinga vart arrangert på Sunnmøre.

I tillegg til Sunnmøre alpine redningsgruppe, fins det redningsgrupper i Tromsø, Bodø, Svolvær, Romsdal, Nordre Gudbransdal, Langfjella. Hordaland og Rogaland.

Varierte øvingar

Åsmund Vaage

ØVINGSLEIAR: Åsmund Vaage meiner slike øvingar er viktige for å betre samarbeidet på tvers av fylkesgrensene.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Høge fjelltoppar, kraftige elver og storslått natur skapte ei perfekt ramme for øvinga som starta i dag.

Godt kledd, i fjellsko og turklede, med sekkane fulle av utstyr, marsjerte dei ut i naturen for å teste kunnskapane sine. Fordelt i ulike grupper fekk deltakarane teste seg i ei rekke utfall.

– Nokre skal øve på redning i juv og elv medan andre skal øve seg på redning med wire eller på bre. I tillegg vil nokre grupper øve på førstehjelp, samtidig som det vil vere ei samøving med 330 skvadronen, fortel Vaage.

Øvinga vert arrangert i samarbeid med 330 skvadronen og NLA. I tillegg er hovudredningssentralen, lokalt politi og andre naudetatar med som observatørar.

Opp mot tre helikopter vil vere i sving i den Sunnmørske naturen denne helga. Dei alpine fjellredningsgruppene er den einaste organisasjonen som 330 skvadronen gjennomfører slike integrerte auksjoner saman med.

– Det er utruleg viktig at også desse aktørane deltek på øvingane slik at vi får øvd oss på å jobbe saman, seier Vaage.

Saka held fram etter videoen.

Video frå redningsøvelse.

Sjå video frå redningsøvinga med helikopter.

Viktig frivillig innsats

På landsbasis finst det totalt ni alpine redningsgrupper, og om lag femti frivillige medlemmer har tatt turen til Møre og Romsdal for å delta på den nasjonale øvinga som strekker seg over fleire dagar. Totalt har organisasjonen om lag 200 medlemer.

alpine redningsgruppe
Foto: Silje Bjerknes / nrk

– Det er stort sett fjellklatrarar og folk som har fleire års erfaring i fjellet. I tillegg er det mange sjukepleiarar og legar som er med i desse gruppene, fortel øvingsleiaren.

Den norske alpine redningsgruppa består av frivillige medlemer som hjelper politiet og hovudredningssentralen under redningsaksjonar blant anna i bratte fjell, på bre, i elver eller i andre område som krev spesielt utstyr og kompetanse.

Dei frivillige redningsgruppene bidreg med viktig kunnskap og kompetanse, og deltek på fleire redningsoppdrag kvart år.

– Det er som regel dei profesjonelle redningstenestene som rykkjer ut når nokon blir skadde eller set seg fast i bratt terreng, men vi blir ofte kalla inn for å hjelpe dei i redningsarbeidet, fortel Vaage.

I nokre tilfelle blir den alpine redningsgruppa også sendt ut fyrst.

– Dei gongane det er tåke, blir vi som regel kalla inn fyrst for å bidra med erfaringa vår, held han fram.

Erfaringsutvekslingar

Hovudformålet med den nasjonale øvinga er at deltakarar frå dei ulike gruppene skal kunne jobbe saman på tvers av fylkesgrensene i større redningsaksjonar. Vaage meiner det er eit av dei viktigaste punkta for å få til ein effektiv og god redningsaksjon.

– Dersom vi trenar saman, blir vi meir samkøyrde til ulukka er ute. Då veit vi kva vi skal gjere, og slepp å kaste vekk tid på rot, konstaterer øvingsleiaren.

Det å lære av kvarandre er ein viktig del av opplegget. For i tillegg til å vere ei styrking av den operasjonelle gjennomføringa, skal øvinga også fungere som ei oppfrisking av kunnskap.

– Folk frå dei ulike stadane har utruleg mykje variert kunnskap og erfaring, noko alle kan nytte godt av. På den måten kan vi få ny kunnskap gjennom andre sine erfaringar og nye medlemer får lære av dei eldre medlemene, seier Vaage.

Tore Rønstad

NØGD: Tore Rønstad var nøgd med den fyrste dagen, og såg fram til morgondagen.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Han har sett eit aukande behov for tenestene deira dei siste åra.

– Det er utvilsamt ei større problemstilling no. Det har vore ein auke i talet på både alvorlege og mindre komplekse tilfelle. Når det er stadig fleire som nyttar seg av naturen, så aukar også sannsynet for at det skjer noko, seier Vaage.

Tore Rønstad var ein av deltakarane frå den alpine redningsgruppa i Hordaland. Han var nøgd med den fyrste øvingsdagen.

– På denne måten kan vi trene på standardiserte metodar og gjere justeringar der det er nødvendig. I tillegg kan vi skape godt samarbeid med dei andre redningsgruppene, seier Rønstad.

Norske alpine redningsgrupper

Les flere nyheter på: www.nrk.no/mr