Hopp til innhold

Oskarson ny joker i bypakkespelet

Knut Oskarson frå Høgre står fram som ein ny joker i bypakkesaka i Ålesund. Han skiftar side i saka og støttar no fleirtalsalliansen.

Knut Oskarson frå Høgre

Knut Oskarson frå Høgre let seg ikkje presse av partifellar, seier han, men bryt ut av mindretalet.

Foto: Frode Berg / NRK

Knut Oskarson kan bli loddet i vektskåla som kan avgjere bypakkesaka i Ålesund.

– Det hadde eg ikkje venta å bli. Men i eit byområde så heng alt saman med alt. Betrar vi trafikkavviklinga ein stad, så blir det også betre andre plassar.

Han vedgjekk at han hadde opplevd press frå paritet fordi han ville bryte ut.

– Men eg lar meg ikkje presse. Eg nektar å vike ein tomme. Men eg gjer ikkje knefall for Statens vegvesen. Eg har ikkje forkasta trua på fagfolk. Eg trur dei veit meir om dette enn mange politikarar, sa han.

Han viste til at det har vore ein kraftig trafikkauke siste åra, og at Vegvesenet meiner det er nødvendig med fire felt.

Bystyremøte 031215

Debatten om bypakkeløysing i Ålesund går no snart inn i sluttfasen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– I forslaget frå mine gode partifellar i Høgre, legg dei til grunn at ein firefeltsveg mellom Lerstad og Høgskolen, skal ut. Dette skal vi vente på til ein dag med betre ver. Men ein firefeltsveg er god miljøpolitikk, meinte han.

Oskarson sparka til Miljøpartiet og sa han hadde trudd dei ville vere fastare i fisken.

– Eit politiske parti som forventar å bli oppfatta som seriøst, kan ikkje hoppe som Helene Harefrøken frå tue til tue, sa han.

Først ville dei vere i lag med alliansepartnarane sine, og no vil dei ha utsett det heile. her må det ha blitt pressa på frå andre kantar, kanskje frå Oslo, antyda Oskarson

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL