Hopp til innhold

Organistar kan nekte å spele i bryllaup

Ikkje berre prestar, men også organistar, kyrkjetenarar og andre kyrkeleg tilsette kan seie nei til å delta under viing av likekjønna par. Det slår Kyrkjerådet fast.

Sykkylven kyrkje

I Sykkylven har prestane ulikt syn på viing av likekjønna par, og den eine presten kjem til å reservere seg mot dette. Kyrkjerådet slår fast at også andre medarbeidarar i Den norske kyrkja skal kunne reservere seg mot å vere med under slik inngåing av ekteskap.

Foto: Arild Solberg

Prestane sin rett til å reserve seg mot å vie homofile par har fått mykje merksemd etter at Kyrkjemøtet vedtok å la homofile få gifte seg i kyrkja.

No viser det seg at også andre kyrkjeleg tilsette kan seie nei til å delta når likekjønna inngår ekteskap i kyrkja.

Vil ikkje presse medarbeidarar

Det var eit historisk vedtak då Kyrkjemøtet gjekk inn for ein liturgi for homofile bryllaup i kyrkja. Samtidig var det opna for at prestar som ikkje ønskjer det, skal kunne nekte å vie homofile, og så langt har over 260 prestar over heile landet signalisert at dei vil bruke reservasjonsretten.

Les også:

Paul Erik Wirgenes

Paul Erik Wirgenes seier medarbeidarar i kyrkja medarbeidarar i kyrkja kan reservere seg mot å vere med på noko som strir mot samvitet deira.

Foto: Picasa 2.7 / NRK

Kyrkja har lang tradisjon for å legge til rette for ulike syn. Og kyrkja ønskjer ikkje å presse menneske og medarbeidarar til å gjere noko dei er djupt usamde i, seier Paul Erik Wirgenes, avdelingsdirektør for kyrkjelydsutvikling i Kyrkjerådet.

Han understrekar at medarbeidarane i kyrkja skal sleppe å vere med på noko som strir mot samvitet deira, og seier fleire tilsette har uttrykt ønskje om å reservere seg.

– Grunnen til at dette kom opp i debatten på Kyrkjemøtet, er at nokon meiner det er viktig for at likekjønna vigsle skal fungere godt lokalt, seier Wirgenes.

Ei rekkje prestar og andre har sagt at dei kjem til å nytte seg av retten til å reservere seg mot å delta i kyrkjebryllaup for likekjønna par.

Det er ulike arbeidsgjevarorganisasjonar i Den norske kyrkja, som kyrkjemøtet ikkje kan instruere direkte. Men etter det NRK har grunn til å tru, kjem dei ulike arbeidsgjevarane til å følgje vedtaket frå Kyrkjemøtet.

Les også:

– Absurd praksis

Men kyrkja skal legge til rette for at homofile får gifte seg i den kyrkje dei vil, seie Halvor Moxnes, professor emeritus i teologi ved Universitetet i Oslo. Han er usamd i reservasjonsretten for andre kyrkjeleg tilsette enn presten.

Halvor Moxnes

Halvor Moxnes synes det vil vere absurd dersom andre tilsette i krykja enn prestar, skal kunne reservere seg mot å delta under likekjønna viing.

– Det er absurd at kyrkelege medarbeidarar som ikkje direkte utfører sjølve vigslinga, skal kunne reservere seg. Det er ein måte å ta meir omsyn til deira samvit, enn til ønskja frå dei som vil gifte seg, seier Moxnes.

Professoren meiner dette dreiar seg om eit kompromiss for å tekkast dei han omtalar som svært konservative i kyrkja.

– Dei ville sikkert gjerne ha ei muligheit for å kunne stoppe det, slik at dette er eit slags kompromisset for også å minske konflikten i kyrkja, seier Halvor Moxnes.

Skal vere profesjonelt

Den nye liturgien for homofile ekteskap blir etter planen vedteken på Kyrkjemøte neste år.

Deretter kan dei første homofile para gifte seg i kyrkja. Då blir det arbeidsgjevar sitt ansvar å syte for at personalet er på plass, understrekar Paul Erik Wirgenes i Kyrkjerådet.

close up of happy male gay couple holding hands

Den nye liturgien for likekjønna ekteskap skal eter planen vedtakast neste år.

Foto: Lev Dolgachov / Colourbox

– Par skal få gifte seg i si kyrkje. Det betyr at arbeidsgivarar har ansvar for at det er ein god og profesjonell betening i ei kvar kyrkje når det er snakk om vigsle, seier han.