Hopp til innhold

Ordførar om sjukehusstrid: – Vil ha fullt innsyn

Leiaren for ordførarane på Nordmøre, Ingunn Golmen, krev fullt innsyn i prosessen rundt valet av ny sjukeshustomt. Etter bråket dei siste dagane ber ho helseministeren utsetje saka til alle delar av prosessen er klarlagt.

Ingunn Golmen

Ingunn Golmen (Sp) er ordførar i Aure og leiar for ordførar- og rådmannskollegiet på Nordmøre.

Foto: Trond Vestre / NRK

Striden om det nye fellessjukehuset tilspissar seg før torsdagens styremøte i Helse Midt-Norge. No krev ordførarar på Nordmøre at prosessen fram mot gårsdagens styremøte i Helse Møre og Romsdal blir undersøkt. Til Politisk Kvarter på NRK P2 seier Golmen at dei vil gå vidare med saka.

– Vi vil ha fullt innsyn i kva som har skjedd, kva for utbyttingar som har skjedd i styra og kva tidlegare direktør Astrid Eidsvik hadde tenkt å innstille på før ho gjekk av i Helse Møre og Romsdal, seier Golmen.

Ho viser til at både styreleiar og administrerande direktør i Helse Midt-Norge gjekk av i haust og at administrerande direktør Astrid Eidsvik gjekk av vel ei veke før innstillinga skulle vere klar. Ho seier alt bråket den siste tida gjer at dei no har svekka tillit til ein prosess som lenge blei oppfatta som ryddig av begge partar.

Vi har vore klare over at dette ville bli eit vanskeleg val, men vi ville respektere det når det var tatt. Men i innspurten har vi opplevd at det har skjedd så mykje som skaper utryggleik at tilliten til prosessen er svekka.

– Kva meiner du at helseministeren må gjere?

– Eg meiner helseminister Bent Høie bør utsetje den endelege avgjerda til alle kort er på bordet, seier Golmen til NRK.

Usamd i krav om utsetjing

Torgeir Dahl

Torgeir Dahl (H) er ordførar i Molde.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl, er heilt usamd i Golmen og dei andre nordmørsordførarane sitt krav. Han meiner saka no må få ei avslutning

– Det er klart at Eidsvik sin avgang har skapt utryggleik, men Eidsvik sa sjølv i si pressemelding då ho gjekk av at ho ønskte at prosessen skulle gå vidare. Vi har halde på i så mange år at det må komme ei avklaring, seier Dahl til NRK.

Dahl viser til at Eidsvik var ferdig med utgreiinga før ho gjekk av og at det berre var innstillinga som mangla.

– Alle er samde om at grunnlaget for å ta ei avgjerd er til stades, seier Dahl.

– Det som skal avgjerast er plassering av sjukehuset, ikkje kva som har skjedd rundt Astrid Eidsvik sin avgang.

Golmen avviser at nordmøringane no kjemper på overtid fordi dei har tapt kampen om plasseringa.

– Eg vil ikkje snakke om kven som har tapt eller vunne her, det er eit felles sjukehus vi skal bygge. Men vi opplever at folk har blitt bytta ut i posisjonar, og vi ønskjer å få kasta lys over kva som har skjedd.

Helseminister Bent Høie har sagt at han vil ta si avgjerd fredag så sant styra leverer sine vedtak onsdag og torsdag. Onsdag vedtok altså Helse Møre og Romsdal med fem mot fire stemmer å gå for Molde. Helse Midt-Norge tar si avgjerd torsdag.