Hopp til innhold

– Vegen er farleg, både for varer og sjåførar

FV60 mellom Grodås og Møre og Romsdal blir skildra som ein svingete og humpete kjerreveg. No er det regionale næringslivet lei av forholda.

Ole Ringdal om RV60

Kjøttprodusent Ole Arnstein Ringdal går saman med andre regionale bedrifter i eit felles opprop om å få utbetra fylkesvegen mellom Sunnmøre og Grodås. Problemstrekninga er merka i raudt.

Foto: NRK/Remi Sagen/montasje

Næringslivet i indre Sunnmøre og Nordfjord er frustrert over fylkesveg 60. 14 kilometer med dårleg veg skapar stor frustrasjon – både for bedriftene og sjåførane som fraktar varene.

– Går utover dyr og varer

Blant dei frustrerte er kjøttvareprodusenten Ole Ringdal på Hellesylt. Ifølgje dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal er vegen ein skikkeleg flaskehals.

– Vi har lastebilar med kanskje 15 store oksar inni, og dei vert ganske mørbanka på turen fordi det er så smalt og kronglete. Det går dessutan utover utstyret, seier han.

– Vegstandarden gjer det farleg for dyra, varene og ikkje minst sjåføren sjølv, legg han til.

Skuffa møbelprodusent

Også møbelprodusenten Ekornes i Sykkylven meiner det er på høg tid å utbetre vegen, som er ei viktig trafikkåre for å frakte varer mellom fabrikkane.

– Vi er veldig skuffa over dei prioriteringane som er gjort, spesielt i Sogn og Fjordane, seier fabrikksjef Knut Ove Rygg på Grodås.

Felles opprop

Mange følte seg snytt då fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane flytta vegen nedover på prioriteringslista. Ein tilsynelatande sikker andreplass blei til ein fjerdeplass. Det var eit slag i ansiktet.

Både lastebileigarane og bedriftene har fått nok. No samlar dei seg i eit felles krav om betre veg. Kravet blir presentert for fylkesutvalet i Sogn og Fjordane måndag. Økonomien i Sogn og Fjordane fylkeskommune er svært pressa, men dette er eit spørsmål om vilje, seier ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad.

– Det eg etterlyser er ein større grad av politisk vilje til å prioritere prosjektet, seier han.