Hopp til innhold

Kan bli ny storkommune

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner lover ei problemfri kommunesamanslåing på tvers av fylkesgrensene.

Stein Aam og Jørgen Amdam

Arkivfoto: Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) og ordførar i Ørsta Stein Aam (Sp) møtte Sanner i Oslo.

Foto: Trond Vestre / NRK

Måndag kveld var ordførarane i Volda og Ørsta, saman med ordførarane i Hornindal og Stryn, samla i Oslo for å møte kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Der skulle dei mellom anna snakke om kva fylkesgrenser betyr i arbeidet med kommunereforma.

– Vi hadde ein del spørsmål knytt til dette med fylkesgrenser som vi ville avklare. Vi og Sogn og Fjordane har mellom anna ulike fylkeskommunar, helseføretak, vegregionar, og skular, og vi var interessert i å vite korleis vi skulle ta stilling til slike ting i arbeidet med ei kommunesamanslåing, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap).

Både han og ordførar i Ørsta Stein Aam (Sp) var samde om at det var eit konstruktivt møte.

– Vi fekk ein klar beskjed frå Sanner om at vi skulle konsentrere oss om interne prosessar oss kommunane i mellom, og at fylkesgrenser ikkje skal vere eit hinder. Vi skal jobbe med å finne gode løysingar og så løyser vi dei eksterne problema etterpå i samarbeid med Kommunaldepartementet, seier Amdam.

Dermed kan det sjå lovande ut for ei samarbeid mellom dei fire kommunane Volda, Ørsta, Hornindal og Stryn, noko som vil kunne føre til ei ny storkommune.

Milliontap om dei ikkje slår seg saman

Både i Ørsta og Volda har kommunestyret vedtatt at dei skal forhandle med kvarandre om ei eventuell samanslåing. Ei løysing også Sanner ser for seg i framtida.

Stein Aam

Ordførar i Ørsta Stein Aam (Sp) er framleis skeptisk til ei kommunesamanslåing, men vil la innbyggarane bestemme.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Sanner sa at dersom det vart innført tvang så ville han sjå det som naturleg at Volda og Ørsta vart slått saman, men at det i utgangspunktet skal vere frivillig, seier Aam.

Til no har det vore ein skepsis i Ørsta mot å slå seg saman med nabokommunen. Ordføraren seier likevel at han er villig til å snakke både for og mot ei slik samanslåing.

– Det vil alltid vere fordelar og ulemper i ei slik sak. Det vil vere mi oppgåve å presentere eit forslag, og så får vi sjå gjennom folkeavstemming 19 mai om folk seier ja eller nei. Folkeviljen er viktig for meg som ordførar og eg har lovd å gå for det som fleirtalet ønskjer, seier Aam.

Han vektlegger likevel at det kan vere økonomiske føringar frå regjeringa som vil gjere det vanskelegare for Ørsta å stå aleine. Sanner har tidlegare foreslått å opprette eit inntektssystem som kutter i tilskotet til kommunar som vel å vere små. Det kan bety milliontap for dei fire kommunane.

– For Ørsta sin del vil det betyr ein reduksjon på 5,7 millionar i året i 15 år, så vi er nøydd til å sjå det opp mot å stå aleine, seier Aam.

Ein fordel også Amdam vektlegger.

– Dersom vi fire ikkje slår oss saman vil det kunne bety eit tap på over 20 millionar i året, seier han.

Fellesmøte denne veka

I Volda har haldninga til ei samanslåing så langt vore meir positiv enn i Ørsta.

– Det er sjølvsagt avhengig av kva som skjer i forhandlingane, men slik eg tolkar stemninga i kommunestyret, så er vi for ei samanslåing, seier Amdam.

Jørgen Amdam

Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) trur på eit samarbeid med Ørsta, Hornindal og Stryn.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Onsdag og torsdag denne veka samlast dei to kommunane til eit fellesmøte for å diskutere kommunereforma, og då er også ordførarane i Hornindal og Stryn sjølvsagde gjestar. Amdam er open for at ei eventuell samanslåing også kan gjelde desse to kommunane.

– Dette må sjølvsagt avgjerast i kommunestyret, men eg forventar at det vil kome ei avklaring i forhold til desse to kommunane etter fellesmøtet med Ørsta, og eg forventar også at ein vil starte drøftinga med Hornindal og Stryn ganske umiddelbart etter dette, seier han

Aam er på si side meir avventande.

– Vi har vedtatt at vi skal greie ut eit samarbeid med Volda og eventuelt andre kommunar, men vi ser først og fremst på samarbeidet Volda/Ørsta og så får vi vurdere Hornindal og Stryn etter det, seier han.