Hopp til innhold

Opnar Geirangervegen over påske

Det er fleire år sidan vegen mellom Geiranger og Langvatn har blitt opna så tidleg.

Fjellovergangen mellom Geiranger og Grotli

Brøytemannskap har ikkje sett ein meir snøfattig vinter i Geiranger sidan 1987. Bildet er frå 2011.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Stavbrekkfonna

Snøfonna Stavbrekka må utløysast før det kan bli aktuelt med opning av sommarvegen. Arkivfoto.

Foto: Statens Vegvesen
Steinar Vestnes

Steinar Vestnes i Statens vegvesen lovar tidleg opning av Geirangervegen i 2014.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

Fresinga på vegen mellom Geiranger og Langvatn begynte allereie tidleg i april, og mykje låg an til rekordtidleg opning av sommarvegen.

Nysnø hindrar opning

– Vi hadde fresa oppe på fjellet og kom inn til fylkesgrensa. Det var veldig gode forhold med relativt lite snø i fjellet, inntil vi nyleg fekk mykje nysnø, fortel Steinar Vestnes i Statens vegvesen.

Endringane i vêret og snømengda gjer at planane om rekordtidleg opning førebels er lagt på is, men det kan likevel bli ei tidleg opning fordi om.

– Det som vi er avhengige av no, er å få litt anna vêr. Nysnøen betyr fonnefare i Kvanndalsbotnen, så vi må få skikk på Stavbrekkfonna før vi opnar vegen, seier Vestnes.

Først etter påske

Seksjonsleiaren trur ikkje det vil ta lange stunda å få fresa gjennom vegen, dersom vêrforholda ligg til rette.

– Slik som vêrprognosane ser ut no, kan vi seie ganske sikkert at det nok ikkje blir jobba meir med brøyting på vegen før over påske, men vi følgjer med. Om vêret er med oss, opnar vi for opning tidlegast mogleg

– Men det blir altså etter påske?

– Det er heilt sikkert.

Uvanleg tidleg

Sjølv om ei opning av vegen blir utsett til etter påske, er det likevel langt tidlegare enn normalt.

– For dei siste åra er dette veldig tidleg, seier Vestnes.

Til dømes vart vegen opna 14. mai i fjor, 31. mai i 2012 og så seint som 20. juni i 2005.

– Men vi veit frå historia at det til og med har vore endå tidlegare opningar for ferdsel over fjellet, avsluttar Vestnes.

Sjå TV-reportasjen frå 26. mars:

Brøyting i Kvanndalsbotn

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL