Hopp til innhold

Ønskjer Nordmøre velkommen

Nordmøringar som vil bli trønderar blir ønskte velkomne av nabofylket i nord. Fylkesordførar i Sør-Trøndelag, Tore Sandvik (Ap), seier regionane har mykje til felles. Partikollega Jon Aasen i Møre og Romsdal er ikkje like overtydd.

Den siste viking, Tore Sandvik

Fylkesordførar Tore Sandvik (Ap) i Sør-Trøndelag har gode erfaringar med samarbeid over fylkesgrensa i sør.

– Nordmørskommunane må sjølve avgjere kva for fylke dei vil høyre til, men det er ingen tvil om at dei er hjerteleg velkomne til Trøndelag, seier Sandvik til NRK.

Ei rekkje næringslivsleiarar på Nordmøre har tatt til orde for at regionen skal søkje seg mot Trøndelag, og meiner dei har fått lite igjen for å vere del av Møre og Romsdal.

– Når det gjeld både identitet, kultur og næringskultur er det mykje som passar, seier Sandvik.

Han meiner dette heilt klart vil styrke Trøndelag som region.

– Ja, heilt klart, vi samarbeider frå før både om olje, gass, havburk og landbruk og vi har tett utveksling når det gjeld kunnskapsmiljøa i Trondheim. Så vi utfyller kvarandre på mange felt.

– Har ulike interesser

Jon Aasen

Jon Aasen (Ap) trur Møre og Romsdal har meir fokus på saker som er viktige for Nordmøre enn det nabofylket i nord har.

Foto: Trond Vestre / NRK

På andre sida av fylkesgrensa er oppfattinga ei litt anna. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) meiner skilnadene er større enn likskapane mellom dei to regionane.

– Næringslivet på Nordmøre må jo få gjere som dei vil, men dersom vi snakkar om den industrielle delen av næringslivet, så har dei eit sterkt samhandling med det maritime og marine næringslivet. Eg kan ikkje sjå at der er så store koplingar mot Trøndelag innanfor det, seier Aasen.

Han meiner det er vesentlege forskjellar mellom kva som blir prioritert i trøndelagsfylka og i Møre og Romsdal.

– Vi er opptatt av samferdsel, næringsliv, verdiskaping, olje, fiskeri og så vidare. I Trøndelag har dei fokus på kollektivtrafikk, fly og tog, handel og akademia. Det er jo berre å ta ein kik på statistikken for å sjå den forskjellen.

Han åtvarar mot å gjere ein opprivande sjukehusdebatt gjeldande for debatten, og meiner fylket er mykje meir enn sjukehus.

Vi er eit fylke med stor intern pendling. Når det gjeld Trøndelag er det like mange som pendlar frå Kristiansund til Oslo som frå Kristiansund til Trondheim.

– Men kva blir konsekvensen for resten av Møre og Romsdal dersom dette blir ein realitet?

– Det vil eg ikkje spekulere i. Eg oppfattar ikkje dette som verken nært føreståande eller gjennomdiskutert. Så spørs det kor langt fram ein vil tenkje.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL