Hopp til innhold

Ønskjer framleis tips i gullsmedran

Sunnmøre politidistrikt seier dei framleis ynskjer tips i saka der nokon braut seg inn hjå ein gullsmed på Moa fredag.

Gullsmedran

TIPS: Politiet vil framleis ha fleire tips i gullsmedranet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det var natt til fredag at nokon braut seg inn hjå ei gullsmedforretning på Moa i Ålesund.

– Det er truleg snakk om millionar, sa gullsmeden på fredag.

Det er enno ikkje sikkert kor store verdiar det totalt er snakk om etter innbrotet. Politiet utførte fredag åstadsundersøkingar ved på staden og vitneavhøyr.

Informasjon

Etter det NRK har fått opplyst er framleis ingen arrestert for innbrotet, og politiet ynskjer framleis tips i saka.

– Vi ynskjer framleis informasjon, seier Ole Bjørn Harang operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt til NRK søndag.

Han seier dei ynskjer tips både knytt til hendinga og om tjuvgodset.

– Dersom det er nokon som har sett noko natt til fredag så vil vi sjølvsagt ha informasjon om det.

– I tillegg kan det vere andre ting i samfunnet som er verdt å tipse om. Dersom nokon sit på opplysingar om involverte personar eller får tilbod om å kjøpe billeg gull, så kan dei også tipse oss om desse tinga, seier Harang.

Fortvilt

Tjuvane hadde brote seg inn via ei inngangsdør, og vidare gjennom veggen inn til gullsmedbutikken. Eigarane er fortvilte over situasjonen.

– Det er store mengder gull som har blitt stole. Det er klart det er frustrerande, seier Blanca Kvamås ved gullsmeden.

Likevel var ho glad for at det berre var materielle skader.

– Det er sjølvsagt fortvilande å miste slike materielle ting, men vi håpar å få dei tilbake, held ho fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL