Hopp til innhold

Ønsker tips etter nytt båttjuveri

Sunnmøre politidistrikt ønsker tips etter at ein rib-båt vart stolen i Sula natt til søndag.

Stjålet ribbåt

Denne båten vart stolen i Sula natt til søndag. No ønsker politiet tips.

Foto: Sunnmøre politidistrikt

Den siste tida har det vore ei rekke tjuveri av båtar på Sunnmøre. Også i natt tok ein mann seg inn i ein båt i Ålesund.

No ønsker politiet tips etter at ein rib-båt vart stolen frå Fiskarstrand i Sula kommune.

– Tjuveriet skal ha skjedd i løpet av natta, og båten er oransje med ein 70 hk Yamaha påhengsmotor. Båten har merket KARELIA-II, opplyser politiet.

Sist sett i natt

Rib-båten vart sist observert i femtida natt til søndag då den var på veg vestover Heissafjorden med tre personar om bord.

Tips til politiet kan varslast på 02800.