Hopp til innhold

Ønsker ei regionkommune i Romsdal

Ordføraren i Molde, Torgeir Dahl, meiner samtalane om det framtidige kommunekartet i Romsdal har kome inn på eit konstruktivt spor.

Torgeir Dahl

Ordføraren i Molde, Torgeir Dahl, er optimist med tanke på å få til ei regionkommune i Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fleire av ordførarkollegaene har tidlegare vendt tommelen ned for ein storkommune. Torsdag var romsdalskommunane samla i Molde, og Dahl meiner signala som kom, gjer han meir optimistisk.

– Eg har vore optimistisk heile tida, men eg ser at det kanskje var nyttig at vi fekk desse utsegna der folk fekk stille spørsmål. No har vi klargjort kva dei ulike partane er for. og så ser vi at alle kommunane som ligg på romsdalshalvøya no er for at vi går vidare med det alternativet, seier han.

Dahl trur samtalane med Fræna blir spesielt viktige.

– Fræna er den nest største kommunen i Romsdal. I tillegg har den ein plassering som gjer det vanskeleg å få til eit samarbeid dersom dei stiller seg utanfor. Fræna er nok ein nøkkel i dette arbeidet, men dei andre kommunane er også viktige, seier Dahl.

Kommunepuslespel

Men det er eit puslespel, eit kommunepuslespel der dei ulike brikkene må finne sin plass. Og det gjer truleg ikkje Eide dersom Fræna seier nei til Molde.

Frits Inge Godø, leiar i nominasjonsnemnda til Møre og Romsdal Venstre

Varaordførar i Midsund, Frits Inge Godø meiner Aukra blir for spinkelt og ser mot Molde og ei langt større løysing.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Politikarane i Eide ser ikkje mot Fræna og gjorde det torsdag klart at dei ser mot Molde og ei større regionkommune. Men dit kjem dei ikkje dersom Fræna seier nei.

Og tek vi turen ut til øyane er det eit ope spørsmål kva som blir resultatet. Aukra er den rikaste kommunen i Møre og Romsdal og ser mot Misund. Dei synest det får halde dersom det kjem ei bru mellom dei to. Varaordførar i Midsund, Frits Inge Godø ser derimot ikkje mot Aukra. Han meiner Aukra blir for spinkelt og ser mot Molde og ei langt større løysing.

– Dersom vi ser på næringsutviklinga, noko eg er opptatt av, så blir det veldig lite. Det er klart det blir enklare dersom vi får ei bru mellom øyane, men eg er usikker på om folk i Misund er villige til å betale 200 kr for å køyre att og frå, frå Aukra, seier han.

– Perspektivet er ei større løysing

Men det store puslespelet byrjar å nærme seg slutten. Kommunane må snart bestemme seg for korleis dei vil at brikkene skal settast saman. Sonderingane held fram fredag, og fleire av kommunane skal i samtalar med Molde.

Ordføraren der seier at han er på tilbodssida, men bodskapen er klar.

– Vi ønskjer å kommunisere at vi er open for ei større løysing. Dersom vi kjem i ein situasjon der ei større løysing viser seg å ikkje vere realistisk så må vi eventuelt gjere ei ny vurdering. Vi tek gjerne samtalar, men då er perspektivet ei større samling på romsdalshalvøya, seier Moldeordførar Torgeir Dahl.