Hopp til innhold

Slik svindlar organiserte bandar firmabilar for millionsummar kvart år

Dieselkort i firmabilar blir skimma og misbrukt for millionsummar kvart år. Truleg står organiserte bandar bak.

Dieselkort skimming

Med kirurgisk presisjon har tjuvane øydelagt låsen på bilen. Dermed har dei fått tilgang på dieselkortet som låg oppbevart der. No viser det seg at dette har blitt ein vanleg måte å svindle til seg diesel på.

Foto: K.A. Aurstad

Sjåføren parkerte firmabilen på Gardermoen. Plutseleg byrja rekningane på diesel til å strøyme inn i firmaet han arbeidde i. Ingen skjønte kva som hadde skjedd. Rekningane kom frå stader der verken bilen eller sjåføren hadde vore.

– Øydela dørlåsen

Firmaet K.A. Aurstad i Hovdebygda på Sunnmøre sette i gang si eiga etterforsking. Plutseleg ein dag fann dei eit ørlite hol på ei av dørene på bilen. Nokon hadde brukt bor, øydelagt låsen og hadde fri tilgang til bilen, der dieselkortet var blitt oppbevart.

– Dei hadde bora eit fint lite hol under dørlåsen. Det var nesten uråd å sjå at det hadde vore noko innbrot i bilen. Vi oppdaga ikkje innbrotet før det hadde gått mange veker, fortel administrerande direktør Per Kristian Langlo.

Svindlet bil

Du klarer ikkje å sjå det på avstand. Det gjekk fleire dagar før K.A. Aurstad skjønte korleis dieselkortet blei tappa for store summar.

Foto: K.A. Aurstad

– Kopierte dieselkortet

Dermed kunne firmaet starte oppnøstinga av mysteriet. Det viste seg at dieselkortet var blitt skimma. Slik hadde tjuvane skaffa seg ein kopi av dieselkortet, og på få dagar tanka dei diesel for 135.000 kroner.

Per Kristian Langlo

Per Kristian Langlo er administrerande direktør i K.A. Aurstad i Hovdebygda.

Foto: K.A. Aurstad
Geir Mo

Geir Mo, dagleg leiar i Norsk lastebileierforbund.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX
Odd Skei Kostveit

Leiar for prosjektet «Grenseløst», Odd S. Kostveit stadfestar at innbrot i bilar og kopiering av dieselkort har blitt ei kjend svindelmetode.

Foto: Anders Jølstad / Politiet

Dieselkortet var kopiert. Og dei hadde reist til ein stasjon i området ved Tusenfryd sør for Oslo. Originalkortet låg framleis i bilen, så det var vanskeleg å oppdage kva som hadde skjedd. Etter kvart fekk vi vite at dette er ein vanleg framgangsmåte, fortel Langlo til NRK.

Langlo seier til NRK at ei rekkje firma har opplevd dette, og i særleg grad har det gått ut over bilar som har vore parkerte i området rundt Gardermoen. Tjuvane skal også bevisst ha aksjonert mot firmabilar. Det skal vere ei kjent sak blant dieseltjuvane at ei rekkje firma let dieselkorta bli liggande i bilane.

Eit omfattande samfunnsproblem

I samarbeid med forsikringsselskapet IF har Norges Lastebileigarforbund rekna ut at 64 prosent av dei 3200 medlemsbedriftene har vore utsett for dieseltjuveri.

Dagleg leiar i Norges Lastebileigarforbund, Geir A. Mo stadfestar at tjuvar tek i bruk stadig meir avanserte metodar for å stele diesel. Han seier også at dei reelle kostnadene i samband med tjuveria ligg mange, mange gonger over verdien på sjølve dieselen.

Dei reelle kostnadene ved eit dieseltjuveri kan ligge på opptil ti gonger verdien av den dieselen som er stolen, seier Mo.

– Mafiaverksemd på høgt plan

Geir A. Moe anslår dei reelle kostnadene til å ligge på fleire hundre millionar kroner i året, og han nøler ikkje med å kalle tjuveria for mafiaverksemd.

Dette er mafiaverksemd på høgt plan. Det er organisert kriminalitet. Det er bandar som står bak dette. Og dei aller fleste er frå Aust-Europa, seier dagleg leiar i lastebileigarforbundet, Geir A. Mo til NRK.

– Bruk to kort

Geir A. Moe seier at tjuveriverksemda er godt organisert. Han hevdar at nokon sit bak og driv planlegging medan andre er ute i felten og gjennomfører tjuveria. Han seier det er krevjande å halde tritt med utviklinga i denne typen kriminalitet.

I samarbeid med leverandørane utviklar vi stadig nye metodar for å halde tritt med kjeltringane. Vi anbefaler firma å ha ei to-kort-løysing, der eitt kort er knytt til køyretyet og eit anna til sjåføren. På denne måten kan kvar einskild sjåfør ha eitt kort i lommeboka si, seier dagleg leiar i lastebileigarforbundet Geir A. Moe.

Ei rekkje firma har også fått ei ordning der det er firma sjølv som administrerer korta. Slik kan kort sperrast på kort tid.

– Etterforskinga stoppa

Mange av sakene er melde til politiet. Men mange sakene er små kvar for seg, og dei er melde inn til forskjellige politidistrikt. Dermed er ei rekkje slike saker lagde bort. Saka til K.A. Aurstad i Ørsta er blant dei sakene som ikkje blir etterforska vidare.

– Vi melde saka til den lokale lensmannen i Ørsta. Så blei saka send vidare til lensmannen som har ansvar for området ved Gardermoen. Etter dette har vi ikkje høyrt noko, seier Langlo til NRK. Han legg til at han tykkjer dette er merkeleg, sidan organisert kriminalitet skal prioriterast av politiet.

– Blir ikkje teke på alvor

Også lastebileigarforbundet reagerer på at denne typen saker blir lagde bort. Ute blant medlemsbedriftene har det ifølgje Mo spreidd seg ei haldning om at det nesten ikkje er vits i å melde slike saker til politiet. Sakene blir lagde bort straks den som melder dei er ute av døra på lensmannskontoret, seier han.

Politiet tek ikkje dette på alvor. Og dei har ikkje ressursar nok til å prioritere det. Det fører også til at under halvparten av bedriftene våre har ork eller tid til å melde slike saker til politiet, seier Mo.

– Kan ikkje stole på politiet

Han seier at det er store mørketal i denne samanhengen, og at bransjen nok går andre vegar enn til politiet for å få bukt med dette.

– Vi er no i samarbeid med ulike tryggingsselskap for å finne metodar som vi kan hjelpe medlemene våre med, seier han. Vi kan ikkje stole på at politiet følgjer opp og tek dette på tilstrekkeleg alvor, legg han til.

– Vi tek nettverka

Politiet følgjer med denne typen organisert kriminalitet over landegrensene gjennom prosjektet «Grenseløst». Mandatet til prosjektet er å arbeide mot mobile vinningskriminelle grupper.

Politiet kjenner godt til denne aktiviteten og desse metodane. Næringa beskriv handlingane på ein korrekt måte. Verksemda er organisert i den forstand at dei som stel diesel ikkje gjer dette for berre sitt eige bruk, seier leiar for prosjektet «Grenseløst», Odd S. Kostveit.

Kostveit vedgår at fokuset på kvar einskild sak kanskje ikkje er så stort som dei som blir råka av denne kriminaliteten kunne ønskje. Bakgrunnen ligg i metodane politiet brukar for å få bukt med denne kriminaliteten, seier han. Mykje av innsatsen blir lagt i å få oversikt, og å få teke dei rette personane i nettverka.

Vi i «Grenseløst» arbeider ut frå ein filosofi om at vi skal skaffe oss kunnskap om nettverka. Vi har hatt suksess med denne filosofien. Og vi teke nettverk ved å bruke denne filosofien. Men det betyr også at vi har mindre fokus på kvar einskild sak, seier Kostveit.

Lastebileigarforbundet seier at mange ikkje orkar å melde sakene til politiet ...

Det er i så fall beklageleg. Å melde frå set oss i stand til å sjå ei sak i ein heilskap. Vi kan setje saka inn i ein samanheng og sjå eit mønster. På denne måten kan vi råke nettverket. Om saka ikkje blir meld til politiet vil den vere ukjend for oss. Då kan vi misse viktig informasjon, seier Kostveit.

– Organisert kriminalitet

For firmaet K.A. Aurstad er situasjonen framleis like frustrerande. Dei meiner at dei møter utanlandske vogntog på vegane, som køyrer på stolen diesel.

– Desse bandane tappar diesel på store tankar. Vi har fått opplyst at desse driv etterfylling på vogntog som er i transportoppdrag i Noreg. Det er rart å sjå oppslag i media om at politiet skal prioritere desse sakene, og så blir saka vår lagd bort. Dette ER jo organisert kriminalitet, seier Langlo til NRK.

De er utsett for noko ganske utspekulert her?

Ja, dette er utspekulert. Det er organisert. Det er brukt avansert teknisk utstyr. Og dei må ha tankbilar som dei fyller diesel på, seier ein oppgitt Per Kristian Langlo i K.A. Aurstad transport i Ørsta på Sunnmøre.