Hopp til innhold

Raga Rockers-keyboardist vil pusse opp hotell frå 1901

Gamle Sjøholt hotell, gjenreist i 1901 etter brann i år 1900, har forfalle i mange år. No har derimot uventa hjelp teke tak det «freistande» restaureringsprosjektet.

Det flotte bygget i Ørskog, gamle Sjøholt hotell frå 1907, har forfalt i mange år, men no kommer det hjelp fra uventa hold. Dei som vil ta over sier sjøl at det er galskap, men dei syns prosjektet er for fristende til å la være.

Sjøholt hotell blei først reist i 1887, før det brann til grunne i år 1900. Året etter blei det gjenreist. No skal det restaurerast.

Lass på lass, med nedstøva skrot. Gamle Sjøholt hotell treng ei «ekstrem oppussing», og i desse dagar er eigarane i gang.

Dagens eigar er oldebarnet til han som bygga hotellet i 1901, saman med mannen hennar Arne Sæther – betre kjend som keyboardist i bandet Raga Rockers.

NRK møtte Sæther og kona, der keyboardisten – og hotelleigaren – stod for pratinga.

– For oss er det mest naturleg at det blir noko innanfor kulturell verksemd, sidan vi driv med det. Eg kan sikkert få mange gode artistar hit, sidan eg kjenner så mange, seier Arne Sæther.

Arne Sæther

Arne Sæther og kona er i hundre over prosjektet dei no har teke til på. I framtida håper dei folk vil få ei reise tilbake i tid gjennom eit besøk.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Lyst ut i 1855, stod ferdig i 1887

Og då blir det til ein stad med historisk sus. Første gang Sjøholt hotell stod klart var i 1887.

Det var i 1855 at amtet i Ørskog lyste ut «bevertningsbevilgning» for Sjøholt. For turismen kom tidleg, og Sjøholt låg fint til.

22 år seinare stod hotellet ferdig. Berre 13 år seinare brann det derimot til grunne, i år 1900, men året etter blei Sjøholt hotell gjenreist.

Den førre eigaren fiksa taket og brannsikring, men utanom dette har hotellet stått og forfalle sidan det stengte på 60-talet.

No vil ekteparet gi hotellet nytt liv.

Saka held fram under bildet.

Sjøholt hotell

Mykje støv og gamle ting som må kastast. Arne Sæther går opp og ned trappene på gamle Sjøholt hotell, i håp om å få det i perfekt stand med tida til hjelp.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Skal ikkje bli moderne

– Vi vil opne opp hotellet for folk, og vi vil at dei skal få sjå det.

– Det skal ikkje bli ein moderne stad, vi skal få det så gammaldags som mogleg. Vi har mange rekvisittar som er tidskorrekte, og vi vil få tilbake stemninga som var og som vi har sett på gamle bilde, fortel Sæther.

Han er langt betre kjent som medlem av Raga Rockers, frå 1982 til i dag.

Bandet, som blei grunnlagt av tidlegare Kjøtt-trommeslagar Michael Krohn, er kjent som eitt av «dei fire store i norsk rock». Dei tre andre er Jokke & Valentinerne, Dumdum Boys og deLillos.

For tida er derimot Sæther hotelleigar, med nok å gjere.

Arne Sæther

Sæther går inn med liv og lyst i hotellprosjektet. Her viser han og fortel korleis han trur det fungerte då hotellet var i aksjon.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Alltid noko nytt

Ekteparet driv, i tillegg til musikken, ein gjenbruksbutikk. Historie er lidenskap, og dei to gler seg til å sjå gammal tapet og svunne tider kome opp og fram.

– Herregud, det er heilt fantastisk. Det er skjulte ting her heile tida. «Å, ja, der er ei trapp til!». Baktrappene er så søte, seier Sæther, medan han gestikulerer og viser.

For det er mykje å sjå. Kvar etasje er på om lag 300 kvadratmeter, og ekteparet vil at besøkjande skal få ei reise tilbake i tid.

Sæther og kona er klare på at dei ikkje har pengar nok til å setje i stand alt som trengst akkurat no, og prosjektet dei har byrja på blir omtala som «rein galskap».

Men dei klarte ikkje å late vere.

– Per Elling, han som var meklar, blei intervjua på TV. Han sa ein måtte vere litt gal ... Så eg veit ikkje, avsluttar Arne Sæther.