Kommunane kan pålegge gebyr på opp mot 400 000 kroner dersom reglane ikkje vert følgde.
Dagleg leiar Pål Søvik i Nordbohus i Ålesund synest det er bra at reglane vert skjerpa.
Det er nok av døme på byggesaker som har ført til erstatningssaker. På landsplan kostar byggefeil samfunnet fleire milliardar kroner kvart år.
No vil styresmaktene skjerpe regeleverket, og frå og med i dag vert det radonsperre, meir klimavennlege løysingar og bygga skal tilpassast alle aldrar og livssituasjonar.
Gebyr på 400.000
Kommunane kan pålegge gebyr på opp mot 400 000 kroner, men så langt er det i følge byggebransjen sjølv noko uklart kven som skal kontrollere at dei nye reglane vert følgde...