Hopp til innhold

Ny status skal selje verdsarvområde

Tre norske verdsarvområde kan i dag kalle seg autoriserte verdsarvsenter. Det er Klima- og miljødepartementet som deler ut tittelen, som inneber eit særleg ansvar for å formidle historiene om dei unike kulturlandskapa.

Geiranger

Geiranger får status som nasjonalt verdsarvsenter.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ekberg Lous Arkitekter AS

Slik ser arkitektane for seg det nye verdsarvsenteret på Vega.

Foto: Ekberg Lous Arkitekter AS
Bergkunst Alta

Alta har Nord-Europas største samling av bergkunst laga av jeger-fiskarar.

Foto: Farid Ighoubah

Det er Vestnorsk Fjordlandskap ved Geirangerfjorden, Bergkunsten i Alta og Vegaøyan i Nordland som kan smykke seg med den nye tittelen.

Statusen skal sikre at både besøkande og fastbuande skal få god og brei informasjon, i tråd med krava i verdsarvkonvensjonen.

Tine Sundtoft

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft seier autorisasjonen skal styrke arbeidet med verdsarv.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Dette er noko heilt nytt i Noreg, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

– Det er eit kvalitetsstempel, som både vi og fagmiljøa i områda har jobba lenge for å få til.

– Kvifor akkurat desse tre?

– Det er fordi dei har kome lengst med å etablere slike senter. No vil vi hjelpe til med å heve kvaliteten på informasjonen dei gir.

– Ein merkedag

For verdsarvmiljøet i Geiranger er utmerkinga svært viktig.

Katrin Blomvik

Katrin Blomvik er direktør i Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Det er etablert ein ny senterkategori i Noreg, og at vi er plukka ut som ein av dei tre første, er svært gledeleg, seier direktør Katrin Blomvik.

Verdsarvsenteret i Geiranger

Norsk fjordsenter i Geiranger er under utviding. No får dei også pengar til å gjere utstillinga større.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei er i gang med ei utviding av senteret, som frå før husar ei utstilling om verdsarvområdet. No får dei 1,2 millionar kroner til drift ut året og ein halv million kroner til å utvide utstillinga.

– Eg trur folk flest vil merke det på at vi får høgare kvalitet på utstillingane våre, og at vi rettar oss meir direkte inn mot verdsarvstatusen og grunnlaget for den, seier ho.

Må oppfylle krav om god informasjon

Som ein del av løyvingane frå departementet får sentra ei basisutstilling om verdsarven som skal inngå i dei permanente utstillingane. I tillegg får Alta 1,2 millionar kroner til drifta i år, medan Vegaøyan får 850 000 kroner til det same

Sundtoft trur statusen blir viktig i marknadsføringa av områda.

Geiranger, utsiktsbilete

Turistane skal få både natur og historie når dei besøkjer Geiranger.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Turistar som er på jakt etter det unike kan få god informasjon gjennom desse sentra, og det vil vere viktig i marknadsføringa internasjonalt.

Autorisasjonen gjeld i første omgang for fem år og kan bli permanent dersom sentra viser at dei kan oppfylle krava om god informasjon.